Hopp til innhold

Vogntoget frå Polen er heilt utbrent - motoren ekspolderte

Jesper Skjærris, direktør i transportfirmaet DSV, fortel at det er ein av deira bilar som tok til å brenne inne i Gudvangatunnelen i dag. I følgje sjåføren eksploderte motoren medan han var inne i tunnelen.

vogntog

UTBRENT: Vogntoget som tok fyr i Guvangatunnelen i dag er heilt utbrent.

Foto: NRK-tipsar

– Sjåføren av bilen er kjem frå Polen. Han har fortalt at motoren ekspolderte medan han var inne i tunnelen, seier Skjærris til NRK.

Skjærris fortel vidare at den polske sjåføren er tilsett hjå ein underleverandør av DSV, og at sjåføren er vere sendt til Haukeland Universitetssjukehus.

– Det siste eg høyrde var at han ikkje er alvorleg skada, men eg veit at han er sendt frå sjukehuset i Lærdal til Haukeland på grunn av røykskadar, fortel Skjærris.

20 bilar står att inne i tunnelen

– Vogntoget som tok fyr inne i tunnelen er heilt utbrent, fortel Frode Korneliussen ved alarmsentralen i Florø til NRK.

Brannmannskapet reiste frå tunnelen i dag klokka 17.00 i dag, og no er det opp til politiet å ta seg av resten av køyretøyene i tunnelen, fortel Korneliussen.

– Det står framleis over 20 køyretøy igjen inne i tunnelen. Traileren som tok fyr, ein buss, fleire bubilar og fleire personbilar står att der inne, seier Korneliussen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Brann

FORTSATT RØYKE I TUNNELEN: Det er framleis tjukk røyk inne i Gudvangatunnelen fortel Korneliussen på alarmsentralen.

Foto: NRK-tipsar

Tunnelen blir stengt ei veke

Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen fortel om store skadar inne i tunnelen.

– Det er mykje sot, så tunnelen må spylast før geologen kan byrja arbeidet. Vi har konkludert med å stenge tunnelen minst ei veke så politiet får etterforske saka.