Hopp til innhold

Heiar fram sonen i monsterbakken

Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel hadde aldri drøymt om at sonen skulle ende opp som midtpunkt under eit VM i skiflyging...

Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel på plass i Vikersundbakken

SPENTE: Ellen Bodil Kirkeeide og Ola Rasmus Fannemel har møtt fram for å sjå Anders Fannemel debutere i VM i skiflyging. Dei har allereie sett sonen hoppe 223,5 meter.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Det er jo heilt eventyrleg at vi er her og skal sjå Anders i VM, seier Ellen Bodil Kirkeeide til NRK.no.

Saman med mannen Ola Anders Fannemel står ho på sletta framfor monsterbakken i Vikersund. Dei ventar spent på kva sonen Anders Fannemel kan prestere i VM i skiflyging.

Første ordinære omgang vart fredag avlyst på grunn av vinden, men laurdag er planen å avvikle tre teljande omgangar for å kåre ein verdsmeister.

– Aldri tenkt tanken eingong

Sjølv har foreldra aldri drøymt om at sonen deira skulle komme til VM – og attpåtil av mange trekt fram som ein av outsiderane.

– Nei, det har eg ikkje ein gong tenkt på, seier Ellen Bodil.

– Det er klar eg har sett at han har hatt talent, og at han kunne komme langt. Og etter kvart sa han at dette var draumen hans. Men eg har iallfall aldri tenkt at det skulle bli no.

Anders Fannemel sjølv har overfor NRK.no sagt at han tykkjer det er stas at foreldra og folk frå Hornindal har teke turen til Vikersund for å oppleve debuten hans i VM.

(Artikkelen held fram under artikkelen)

Mange som heiar på Anders Fanenmel

POPULÆR: Anders Fannemel har mange som heiar på seg under VM. Mellom anna har folk frå Hornindal teke turen med flagg og eige banner.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fannemel kan vere ein joker

Anders Fannemel var best av alle hopparane då han sette ny personleg rekord med 223,5 meter under den andre prøveomgangen torsdag.

No meiner fleire hoppekspertar at den unge honndølen kan vere ein joker under VM.

– Det er ikkje noko eg vil vurdere. Eg har ikkje kompetanse til det, seier Ellen Bodil.

– Ja. Men berre det at han har komme hit er fantastisk. Og så lenge han klarte kvaliken, er resten heilt greitt for meg. No er resten berre kjekt, seier ho.

Midtpunkt med 25.000 i bakken

Anders Fannemel har denne vinteren komme inn i verdseliten som ein real hoppkomet. Med framgangen har også interessa frå media auka monaleg.

Og: Laurdag er det venta 25.000 tilskodarar i skiflygingsakken i Vikersund.

– Det ser ut for at han taklar presset bra. Han smiler iallfall – og det er ikkje dårleg, ler pappa Ola Rasmus.

Men kva tenkjer eigentleg ei mamma når sonen kastar seg utfor ein hoppbakke og svevar over 200 meter?

– Hadde nokon sagt det til meg før han byrja å hoppe, hadde eg nok svart at eg ikkje orkar å sjå på. Men etter kvart blir ein trygg på at han klarer det, du venner deg til tanken og ser at det går bra, seier Ellen Bodil.

FØLG VM I NETT-TV FRÅ KLOKKA 14:00

Anders Fannemel

NORSK HÅP: Anders Fannemel er mellom outsiderane til ein god plassering under VM i Vikersund.

Foto: Jens Meyer / Ap