Hopp til innhold

Omgangen avlyst - Fannemel trur det kan vere ein fordel for han

Anders Fannemel rista på hovudet etter førstehoppet i Vikersundbakken. Kanskje var det like greitt at første dag i VM vart avlyst.

Anders Fannemel på pressekonferanse under VM

KLAR FOR TRE NYE SJANSAR: Anders Fannemel greidde eit middels hopp i vanskelege vindforhold, og syntest det var like greitt at rennet fredag vart avlyst.

Foto: Rune Fossum / NRK

– For min del trur eg det er ganske bra, eigentleg. Eg trur det blir meir like forhold i morgon, seier Anders Fannemel til NRK.no.

Etter å ha sett ny personleg rekord med 223,5 meter i treningsomgangen torsdag, kom 201,5 meter som ein aldri så liten nedtur for honndølen i den første teljande omgangen fredag.

Seinare på kvelden vart det klart at omgangen vart avlyst, då arrangøren ikkje klarte å få alle hopparane utfor i den sterke og varierande vinden i bakken.

- Litt godt med ein ny sjanse

For Fannemel kan det vise seg å ha vore ein fordel - vel å merkje om han gjer betre hopp laurdag. Då er det planlagt å avvikle tre teljande omgangar.

– Det er greitt å ha fått eit ekstra hopp i bakken. Dette vart jo som eit treningshopp, seier han.

– Var det godt at omgangen vart avlyst?

– Ja, det er litt godt med ein ny sjanse. Men trur eg hadde halde meg godt i toppen med dette også, seier Fannemel til NRK.no.

Ein av få som fekk plusspoeng på vind

NRK-kommentator Arne Scheie sa før Fannemel sette utfor hoppkanten at han var svært spent på kva han kunne få til, men var ikkje heilt nøgd då han sette nedslag berre litt over 200 meter nede i bakken.

201,5 meter gjorde også at Fannemel sjølv rista litt på hovudet då han kom inn på sletta. NRK-kommentator Espen Bredesen var heller ikkje spesielt imponert, og sa han hadde venta at VM-debutanten skulle klare meir.

– Eg trefte ganske greitt på hoppet. Det er nokre ting å justere, men eg gjorde arbeidsoppgåvene mine OK, seier honndølen.

– Eg var ein av dei få som fekk plusspoeng på vinden, og det var lite å flyte på etter at eg hadde passert kulen. Så eg trur hoppet faktisk var ganske bra med tanke på det, seier han.

Etter planen held VM i skiflyging fram med første ordinære omgang laurdag klokka 15:00. Til saman blir det hoppa tre omgangar for å kåre ein verdsmeister same dag.