NRK Meny
Normal

Havila tek generaloppgjer med fylkeskommunen

Salsprosessen for Fjord1 har vore dårleg, Torghatten er ikkje den beste eigaren og Havila hadde dei beste tilboda. Slik summerer Havila sjølv opp Fjord1-saka.

Per Sævik

SLÅR TILBAKE: I eit brev adressert fylkespolitikarane og fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane tek Havila-eigar Per Sævik eit oppgjer med salsprosessen rundt Fjord1.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

I eit brev til fylkestinget og fylkesrådmann Tore Eriksen onsdag kveld, tek Havila og Per Sævik eit oppgjer med heile salsprosessen rundt Fjord1.

Havila eig Fjord1 saman med fylkeskommunen, og bydde på å få kjøpe selskapet. Men eit fleirtal i fylkestinget valde å selje til Torghatten i staden. Mindretalet klaga på uforsvarleg sakshandsaming, og krevde såkalla lovlegkontroll. Den skal handsamast på fredag.

Det er i forkant av dette fylkestingsmøtet at Sævik og Havila tek sitt oppgjer.

Tre hovudpunkt

Brevet er ført i pennen av Havila sin eigen rådgjevar, Nils Hovtun i Sparebank 1 Markets.

Han summerer opp sjølv hovudpunkta slik:

1) Fylkeskommunen la opp til en unødvendig komplisert og uoversiktlig salgsprosess.
2) Løsningen med Torghatten har stor gjennomføringsrisiko og sikrer ingen god industriell løsning for selskapet.
3) Havilafjord har innlevert konkurransedyktige tilbud på Fylkeskommunens aksjer til bedre betingelser enn Torghatten og uten forbehold.

– Uoversiktleg salsprosess

Havila meiner fylkeskommunen først burde bestemt seg for om dei ville selje. Før dei bestemte seg for kven dei ville selje til.

Dei meiner at det var uklart om det var heile selskapet, eller berre ein aksjepost som var til sals, og at dei innleigde rådgjevarane til fylkeskommunen har styrt heile prosessen.

Til det siste har rådgjevarane i Wiersholm sjølv skrive at dei heile tida har jobba ut frå eit mandat som var bestemt av fylkespolitikarane.

– Stor gjennomføringsrisiko

Om salet til konkurrenten Torghatten står det mellom anna: «Påstanden om at modellen med Torghatten sikrer Fjord1 som selvstendig selskapet med eget hovedkontor, faller på sin egen urimelighet.»

Om dette blir det vidare hevda at det er liten tvil om kvar dei strategiske avgjerdene blir fatta i Torghatten-konsernet, og at dette skjer uavhengig av kvar dotterselskapa har sine operative hovudkontor. Avgjerdene blir slik Havila ser det alle fatta i Brønnøysund.

– Konkurransedyktige bod

I brevet skriv Havila at dei ikkje forstår at bodet deira vart vurdert som klart lågare enn bodet frå Torghatten.

«Våre egne beregninger viser at med lik diskonteringssats, så ligger budene omtrent på linje hvis vi forutsetter at selskapet når sine egne inntjeningsprognoser.»

Havila skriv vidare at dei i bodet gitt den 2. november ønskte at F1 skulle på børs. Dei skriv mellom anna «Etter vår oppfatning, vil det i dag vere stor interesse for eit sjøselskap på børs, både på grunnlag av stabile og langsiktige kontrakter og god utbytteevne.»

Kritiserer rådgjevarane

Avslutningsvis i brevet påpeikar Havila at dei heilt klart hevdar å ha innlevert konkurransedyktige bod, som selskapet meiner burde blitt lagt fram for fylkestinget. Vidare skriv dei mellom anna: «Vi stiller oss forøvrig undrende til at det er de samme rådgiverne som har vært ansvarlige for salgsprosessen, som nå også har vært benyttet for å vurdere om det hefter mangler ved vedtaket i Fylkestingssaken den 23. november.»

Til slutt åtvarar dei om at Havila kan ende opp med å kjøpe Fjord1, til ein lågare pris, om dei vinn fram i retten.

Etter det NRK forstår vil Havila levere ei stemning til retten i løpet av dei næraste dagane.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå