Hopp til innhold

Har starta etterforsking mot politiet

Spesialeininga for politisaker har bestemt seg for å etterforske to politibetjentar i Sogn etter at Johan Rognaldsen vart lagt i bakken og skada under ei pågriping i Vassbygdi.

Johan (71) pågripen etter dobesøk

SKADA: Johan Rognaldsen (71) måtte gå med handa i fatle etter at politiet arresterte han i Vassbygdi 1. september. No meiner Spesialeininga for politisaker at det er grunnlag for å etterforske om dei to politibetjentane brukte makt ulovleg.

Foto: PRivat

– Vi har bestemt oss for å setje i verk etterforsking. Vi vil innhente rapportane og loggane frå politiet, og deretter avhøyre politibetjentane det gjeld, seier spesialetterforskar Kjetil Torgersen i Spesialeininga for politisaker.

Det var 1. september at Johan Rognaldsen vart pågripen i Vassbygdi i Aurland etter at politiet hadde oppsøkt han på grunn av ein tvist om lagring av ein konteinar.

Etter besøket møtte politiet og Rognaldsen kvarandre att i Vassbygdi der politiet ifylgje Rognaldsen stilte seg tvilande til forklaringa hans.

Under samtalen reiste pensjonisten, som slit med eit prostataproblem, på toalettet. Politibetjentane på side meinte han freista å unngå kontroll.

I handjern

Etter dobesøket kasta politibetjentane seg over den 71 år gamle pensjonisten og la han i bakken. Rognaldsen vart skada under pågripinga og melde politibetjentane til Spesialeininga for politisaker.

Spesialetterforskar Kjetil Torgersen seier dei skal vurdere om maktbruken politiet valde å bruke mot Rognaldsen var naudsynt, eller om den var unødvendig og overdriven.

– Dersom politiet brukar makt skal den vere nødvendig, hensiktsmessig og forsvarleg. I tillegg skal vi vurdere uforstand i tenesta, fortel Torgersen.

Johan (71) slengt i bakken av politiet

ÅSTADEN: Rognaldsen vart lagt i bakken utanfor eit toalett Vassbygdi.

Foto: Privat

Johan Rognvaldsen blir glad når han får nyhenda.

– Eg tykkjer det er veldig fint at dei tek tak i dette. Eg høyrer jo at slike saker ofte blir lagt vekk, så då eg fekk denne beskjeden vart eg veldig glad.

Regionlensmann Arne Johannessen seier politiet tek avgjerda frå Spesialeininga til vitande.

– Ut ifrå at det ligg føre ein politimelding er det naturleg at spesialsaka ser på saka, meiner han.

Ikkje ut av teneste

Men regionlensmannen vil ikkje ta politibetjentane ut av teneste medan etterforskinga mot dei går føre seg.

– Per no ser eg ikkje noko grunn til det. No får Spesialeininga gjere jobben og så får vi handle deretter når vi får konklusjonen, seier Johannessen.

Men han vedgår at det er ei belasting for politidistriktet at det har dukka opp ei slik sak.

Arne Johannessen, regionlensmann i Sogn

BELASTNING: Regionlensmann Arne Johannesen tek ikkje politibetjentane ut av teneste medan etterforskinga går føre seg, men vedgår at saka er ei belastning for politidistriktet.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Det er aldri hyggeleg å få ein slik mistanke retta mot seg. Men heldigvis har vi eit system for å handtere slike saker. Det har eg veldig tillit til. Vi skal stelle oss til det Spesialeininga kjem fram til.

I Aurland sit Rognaldsen og er spent på om saka får konsekvensar eller ikkje. Bortleggingsprosenten er stor hjå Spesialeininga.

– Men i og med at dei tek tak i saka er det jo håp, seier pensjonisten.