Hopp til innhold

Johan (71) slengt i bakken av politiet etter dobesøk

Ei hoven hand i fatle, smerter i ryggen og merker i handledda er spora etter at Johan Rognaldsen (71) vart lagt i bakken av to politibetjentar i Aurland.

Johan (71) pågripen etter dobesøk

SKADA: Armen er i fatle etter at politiet arresterte Johan Rognaldsen. I tillegg har han smerter i ryggen. I bakgrunnen er konteinaren han skal flytte.

Foto: PRivat

– Eg er ein liten mann på 71 år. Eg kan ikkje skjøne at det skal vere naudsynt å kaste seg over meg og slenge meg i asfalten, seier Johan Rognaldsen til NRK.

Torsdag ettermiddag fekk han eit ublidt møte med to politibetjentar i Vassbygdi i Aurland kommune i Sogn.

Bakgrunnen er at Rognaldsen over lengre tid har lagra ein konteinar på eit område. Etter at grunneigaren døydde, har arvingane bedd Rognaldsen rydde opp, noko han har lova å gjere. Men oppryddinga har teke tid og to politibetjentar kom på tunet for å høyre om han hadde tenkt å fjerne konteinaren eller ikkje.

– Eg svara at det har eg. Og at eg har avtalt med folk eg kjenner på ei lokal bedrift her i bygda om hjelp til å fjerne konteinaren, fortel Rognaldsen.

Ba om hjelp

Etter politibesøket køyrde Rognaldsen ned til bedrifta for å snakke med folka som skulle hjelpe han. Det hadde også politiet gjort. Mens Rognaldsen framleis sat i bilen skal politibetjentane ha kome bort og sagt at dei har snakka med bedrifta og at han slett ikkje hadde avtalt noko med dei.

– Men det hadde eg. Eg kjenner karar som jobbar der og som har lova å hjelpe meg på fritida. Eg gav politibetjentane til og med namna på personane, fortel han.

Mens samtalen gjekk føre seg følte Rognaldsen seg tissetrengt. Han slit med eit prostataproblem og ynskte å kome seg på do raskast mogleg for å unngå å gjere på seg i bilen. Han seier at han fortalde politibetjentane at han måtte på do, og oppfatta samtalen som avslutta. Så køyrde han mot eit sørvissenter som ligg to-tre hundre meter unna.

Johan (71) slengt i bakken av politiet

I ASFALTEN: – Her vart eg lagd i bakken av politiet etter å ha vore på do, seier Johan Rognaldsen.

Foto: Privat

Kasta seg over han

Men ferdig på toalettet og på veg ut av sørvisbygget kasta politiet seg over han. Ifylgje Rognaldsen la dei begge hendene hans på ryggen og slengde han i bakken med ansiktet mot asfalten. Der fekk han påsett handjern.

– Den kraftige politibetjenten braut på armen min. Måtte dei gå så drastisk til verks? Eg er 167 centimeter høg, seier Rognaldsen.

Politiet si framferd har sett spor.

– Eg måtte til lege, som seier at eg ikkje har brekt handa mi, men at den er veldig hoven. I tillegg har eg fått skade i ryggen. Eg plar gå med støttebandasje fordi eg har problem med ryggen. No er det så vondt at Oslo-turen i helga må avlysast.

– Eg er litt mentalt sett ut etter denne hendinga. Eg tykkjer politiet har gått langt over streken, seier Rognaldsen.

Meiner han ikkje lydde

Regionlensmann Arne Johannessen seier politibetjentane oppfatta det slik at Rognaldsen prøvde unngå seg kontroll.

– Betjentane forsøkte først med dialog. Men Rognaldsen nekta å følgje beskjedane han fekk av politiet. Han fekk klar beskjed om å stogge, men held fram med å gå til bilen, og han køyrde derifrå. Til slutt bestemte betjentane seg for gjere det dei gjorde, seier Johannessen.

– Er det rett å legge ein liten, ubevæpna mann på 71 år i bakken?

Arne Johannessen

Regionlensmann Arne Johannessen var i ettermiddag ikkje kjent med at Rognaldsen vart skada i pågripinga. Han seier 71-åringen har høve til å melda politiet til Spesialeininga for politisaker.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Det blir ei vurdering der og då og maktbruk er alltid vanskeleg. Men av og til må ein få kontroll på ein person. Her vart det oppfatta som at han nekta å fylgje pålegga og at han var i ferd med å stikke av. Då valde dei som hadde oppdraget å ta hand om han, og setje han i handjern ein kort periode for å roe han ned.

– Kunne dette vore løyst på ein annan måte?

– Det er vanskeleg for meg å vurdere dette frå eit kontor i ettertid. Men eg har tillit til kva mine folk vurderar der og då, seier Johannessen.

– Eg var roleg

Johan Rognaldsen seier på si side at han var roleg under heile seansen og at han aldri var ute av bilen, slik Johannessen seier politibetjentane hevdar.

– Eg sa klart ifrå om at eg måtte på toalettet og at eg har problem med prostata. Det er rett at politiet ikkje ville eg skulle gå, men eg oppfatta samtalen som avslutta. Og eg sa jo kvar eg skulle – på toalettet, seier Johan.