NRK Meny
Normal

Har spart 750.000 kroner på to år ved å endre køyrestil

Fokus på dieselforbruk og køyrestil har gitt Nistad Transport ei innsparing på 75.000 liter diesel på to år.

Sparar stort på endra køyrestil

LUKRATIVT: Nistad Transport sparer både miljø og eigen lommebok ved å satse på økonomikøyring.

Foto: Magnus Nistad AS

I tillegg til at dei har spart miljøet for store utslepp, seier eigar Arne Nistad at verksemda har spart utgifter for 750.000 kroner på satsinga.

– Det handlar om å leve eller ikkje. Vi har ikkje råd til å la det vere, seier han.

Sende sjåførane på kurs

Nistad seier dei har halde på med økonomikøyring i mange år. Alt for ti-tolv år sidan var han med på eit prosjekt som Vegvesenet sette i gang.

Målet til Vegvesenet var den gongen å få ned talet på tungbilulykker ved å få sjåførane til å køyre meir defensivt. Nistad Transport valde i ettertid å jobbe vidare med dette.

– Vi fann ut at vi måtte ha tett oppfølging med sjåførane, seier Nistad.

For nokre år sidan sende dei alle sjåførar på kurs for å lære seg økonomikøyring. I tillegg laga dei ein app for å ha meir kommunikasjon med sjåførane.

– I tillegg har Volvo eit system som heiter Dynafleet, der ein kan følgje med på eigen køyrestil. Alle sjåførane har iPad der dei til ei kvar tid kan følgje med på korleis dei gjer det, seier Nistad.

Små endringar gjev store resultat

Bedrifta har 35 sjåførar, og er dermed ei mellomstor transportbedrift. Nistad fortel at det utvikla seg ein konkurranse blant sjåførane om å få lågast mogleg forbruk.

– Og vi ser at det fungerer. Det er dette vi først og fremst må gjere. Få sjåførane med på laget for å køyre økonomisk og unngå tomgangskøyring, seier Nistad.

Nistad seier økonomikøyring også gir innsparingar på andre felt.

– Vi sparar på reparasjonar og vedlikehald også. For ikkje å snakke om dekk. Alt heng ganske nøye i hop, seier Nistad.

Og det er ikkje store endringane som skal til, før ein ser resultat.

– Det er snakk om til dømes å sleppe gassen før ein bakketopp, og bruke farten ein har. Ikkje akselerere raskt når ein skal opp i fart, og også justere farten før ein skal stoppe, slik at ein slepp å bråstoppe, seier Nistad.

Håpar på statleg satsing

Ein annan ting dei har gjort er at dei ber sjåførane om å sleppe forbi køen når dei kjem i land frå ferjene.

– Då kan dei køyre i sitt eige tempo. I tillegg gir det mindre irritasjon for andre trafikantar og færre potensielt farlege forbikøyringar, seier Nistad.

På to år har transportbedrifta også spart miljøet for 200 tonn CO2.

– I tillegg til store mengder NOx og partiklar. Vi har altså spart miljøet for utslepp som svarar til utsleppet til 100 vanlege bilistar, seier Nistad.

Han meiner myndigheitene burde sett inn krefter på å lære opp ferske sjåførar til å utnytte bilane betre enn i dag.

– Ein snakkar om miljørekneskap. Men dette er noko som er heilt konkret, og som verkar, seier Nistad.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser