Transportselskapet M Nistad A/S i Gaular har sidan i vår gjennomført ei rekkje tiltak, og resultata er oppsiktsvekkjande. Køyrer sjåførane meir økonomisk, sparer verksemda 250.000 kroner i året på drivstoff. Mindre giring og fjørlett behandling av gasspedalen har alt gitt resultat i ei tid med høge dieselprisar.

Arne Nistad, eigar av Nistad transport
Firmaet på Sande samarbeider mellom anna med Statens vegvesen i prosjektet, som har som mål å få ned forbruket av drivstoff. Ein avansert målar er montert i bilane, og denne registrerer det meste som påvirkar drivstofforbruket.
Alle dei 19 køyretya har ei eiga målsetjing. Fram til 1. april, når første prosjektåret er omme, skal drivstoffkostnadene vere redusert med fem prosent, og det utgjer ei årleg innsparing på rundt 250.000 kroner. Dette er svært mykje pengar for ei bedrift som i fjor såvidt gjekk med overskot.