NRK Meny
Normal

Har snart samla inn 1,2 millionar til veg

Innbyggarane var lei av den elendige fylkesvegen. Dermed starta dei ein aksjon for å få samla inn 2 millionar kroner til utbetring. Resultat på 10 dagar: 1,2 millionar kroner.

 Per Røys, Steinar Ryland, Jorunn Frøyen og Jan Fredrik Fosse

Aksjonsgruppa for betre veg i Ytre Bremanger. Frå venstre Per Røys, Steinar Ryland, Jorunn Frøyen og Jan Fredrik Fosse.

Foto: Kjell Aga Ulvestad

Utbetring av fleire dårleg punkt på fylkesveg 616 mellom Oldeide og Kalvåg, ytterst på kysten av Sogn og Fjordane, kostar seks millionar kroner.

Dersom dei lokale innbyggarane klarar å samla inn 2 millionar, kan draumen om betre veg bli røyndom. Kommunen og fylkeskommunen har lova å bidra med to millionar kvar.

– Vi har hatt ein vinter med ulukker, som vogntog som har fått full stopp trass i enkelt vintervêr. Alt grunna elendig veg. No er det engasjement, for folk blir sure. Så vi valde å starte ein aksjon for å samla inn pengane som trengst, seier Jan Fredrik Fosse i aksjonsgruppa.

Saka vart først omtalt i Fjordenes Tidende.

Laga musikkvideo

Etter at ferja mellom Smørhamn og Kjelkenes vart lagt ned i 2013 er fylkesveg 616 einaste vegen ut og inn av ytre Bremanger. Vegen er smal og svingete, og dårleg vegstandard er eit problem for næringslivet og innbyggarane.

Aksjonsgruppa starta eit folkeleg spleiselag og har ringt rundt til næringslivet. Aksjonen starta måndag før jul, og skal avsluttast fredag før nyttår.

Det stod eit par hundre tusen kroner på konto då dei starta, og Fosse meiner dei har nådd snart 1,2 millionar kroner onsdag kveld. Det er cirka éin million på ti dagar, eller 100 000 per dag.

– Det er eit stort engasjement. Vi får jo mykje ut av dette. For kvar krone vi samlar inn, får vi to kroner frå det offentlege, seier Fosse.

Eit av dei meir sprelske initiativa til aksjonsgruppa, er ein musikkvideo dei la ut på Facebook-sida:

– Den viser engasjementet. Vi laga videoen ein torsdagskveld, og slapp den på vesle julaftan. Her er vanlege folk med og bidreg, seier Fosse.

Næringsliv og folk flest

– Kven har gitt pengar?

– Næringslivet er ein viktig bidragsytar, ikkje berre her på øya, men også mellom Måløy og Florø. Og fastbuande har gitt bidrag. Det har også hyttefolk og andre ferierande.

– Det er to dagar att til aksjonen blir avslutta. Og 800 000 kroner til målet på 2 millionar er nådd. Klarar de det?

– Ja, det er målet. Eg reknar med at vi får inn ein del pengar både torsdag og fredag. Om vi når to millionar innan fredag, veit eg ikkje. Men då har vi i alle fall gjort vårt. Sjølv om aksjonen sluttar, så blir jo ikkje innsamlinga avslutta. Den vil gå til vi har henta to millionar kroner, seier Fosse.