Hopp til innhold

Har snart alle basestasjonane oppe å gå igjen

Telenor byrjar no å få orden på telenettet igjen, men framleis er 430 fasttelefon-kundar utan summetone i Sogn og Fjordane.

Bjørn Amundsen

NÆRMAR SEG NORMALEN: Dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

– Entreprenøren vår har mellom 30 og 40 personar i sving, ein har byrja å få igjen straumen så per no er det åtte basestasjonar i fylket som er ute, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor.

På det meste var 64 av basestasjonane for mobildekning ute av drift i Sogn og Fjordane etter herjingane av ekstremvêret Tor. Selje er no den einaste av kommunane som har meir enn ein basestasjon ute, og der er det to basestasjonar som er ute av drift.

Mest problem i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane var det fylket som fekk mest problem med telefon og internett etter ekstremvêret. Laurdag morgon mangla 1 200 fasttelefonikundar summetonen, og 1 600 breibandkundar var ute.

– Situasjonen no er dramatisk mykje betre enn i går, seier Amundsen.

Sundag er det 190 breibandkundar og 430 kundar med fasttelefon som framleis er ute. Amundsen håpar dei fleste skal ha summetone og vere på nett igjen i løpet av sundagen, men torer ikkje love noko heilt sikkert.

– Det er vanskeleg å seie heilt sikkert, for det kan vere underliggande ting som vi ikkje kjenner til no. Men det aller meste kjem nok attende når straumen er tilbake. Vi har og fått retta ein fiberfeil på Rutledal, men det kan nok framleis gå nokre dagar før den siste abonnenten er inne igjen, seier Amundsen.

Betre budde

Då ekstremvêret råka fylket denne gongen var teleskapet langt betre budde enn dei var då Dagmar slo inn over landet i 2011.

– Kort fortalt så har vi ein heilt annan beredskap i dag. Vi har betre entreprenøravtalar og mykje meir folk ute. Samstundes så slo Dagmar lenger inn i fylket enn det ekstremvêret gjorde denne gongen. No er det stort sett kysten som har vore råka, seier Amundsen.