Nedtur for oljeleverandør

Nedturen i oljebransjen slår inn over verkstadverksemdene i Sogn og Fjordane

Stryvo i Stryn

PERMITTERINGSVARSEL: Stryvo i Stryn hadde kvalifisert seg til oljebransjen, så kom nedturen.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etter å ha jobba i årevis med å kvalifisere seg som leverandørverksemd til petroleumsnæringa kom nedturen brått på for Stryvo i Stryn. Sju tilsette har fått permitteringsvarsel.

– Nedturen kom veldig overraskande på oss. Vi har jobba tungt for å kome inn i bransjen. Det er veldig trasig for oss å måtte legge om etter så kort tid, når vi no skulle starte å hauste av innsatsen, seier dagleg leiar Jostein Bøe.

Kamp om oppdraga

Fallande oljeprisar har gjort at olje, gass og maritim industri må kjempe om oppdraga.

Suksessverksemda Stryvo har jobba seg opp innan olje, gass og maritim næring og har seksti tilsette, av dei vel 35 i Stryn.

Det er også i Stryn sju tilsette no har fått permitteringsvarsel.

– Frå dei store kundane våre er vi spådd betydeleg lågare aktivitet dei neste to åra. Varselet er naudsynt for å ta ut kostnader om det blir for lite arbeid, seier Bøe.

Frå svart til grønt

Måndag fortalde NRK om Hellenes-gruppa i Førde som har slått seg opp innan oljenæringa, eigar Agnar Hellenes vil framover også satse på grøn energiproduksjon.

– Oljealderen kjem til å vare veldig lenge, men over tid må det gå nedover for vi kan ikkje bruke så mykje fossilt som vi gjer. Vi har sett ein del tog gått frå oss tidlegare her i fylket, men viss vi no er på bana kan dette bli ei framtidsnæring.

Må omstille seg

Også i Stryvo jobbar dei med å skaffe seg nye bein å stå på.

– Vi har satsa tungt på olje, gass og det maritime segmentet. Når vi ser at den bransjen fell saman slik som no er vi nøydde til å skaffe oss nye bein å stå på, seier Jostein Bøe.