Hopp til innhold

Har sendt ut OBS-varsel for Vestlandet

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) melder om både flaum- og skredfare på Vestlandet.

lågtrkk

LÅGTRYKK: Her kjem lågtrykket inn over Vestlandet sundag. Det er sendt ut flaum- og skredvarsel i tre fylke.

Foto: yr.no

– Det er ikkje utenkeleg med 100 millimeter regn i løpet av det neste døgnet, seier Heidi Stranden, vakthavande hydrolog ved flaumvarslinga i NVE.

Ho seier at ein kan vente seg både overfløyming og skred fleire plassar på Vestlandet.

– Når det kjem så mykje regn er ikkje det utenkeleg, nei.

Allereie fulle vassdrag

– Vestlandet har hatt ein våt sommar. Det er allereie høg vassføring i fleire av vassdraga, så at vatnet går ut over elvebreddene er truleg.

NVE oppmodar folk til å oppdatere seg på nettstaden varsom.no

OBS-varsel

Vassføringa er førebels meldt til å ligge på gult nivå, det lågaste av dei tre varslingsnivåa.

– Det er venta mykje nedbør eigentleg over heile Vestlandet. Det er meldt mykje regn i både Rogaland, Sogn og Fjordane og Hordaland.

Sundag føremiddag sendte meteorologisk institutt også ut OBS-varsel for Hordaland, Sogn og Fjordane og Rogaland.

I Sogn og Fjordane er det venta mellom 50 og 100 millimeter regn i løpet av 36 timar. Minst er det venta i indre strok.

I Hordaland er natt til måndag og tysdag venta mellom 70 og 100 millimeter. Våtast ligg det an til å bli i Rogaland der det er venta mellom 70 og 110 millimeter.