Hopp til innhold

Har påvist bjørn med DNA-analyse

For aller første gong har ein klart å påvise bjørn i Sogn og Fjordane ved å bruke DNA-analyse.

Brunbjørn

DNA-ANALYSE: For første gong har ein påvist bjørn i Sogn og Fjordane ved hjelp av DNA-analyse (ILLUSTRASJONSBILETE).

Foto: Per Løchen, NTB Pluss / Scanpix

Eitt enkelt hår vart i juni i fjor funne ved eit sauekadaver i Lærdal. No er det analysert og viltforvaltarane veit at det var hannbjørnen ST10 som var på ferde i Sogn.

- Dette er ein viktig brikke i det puslespelet det er å halde oversikt over kor mange bjørn det er i Norge, seier Rein-Arne Golf i Statens Naturoppsyn.

Fann eitt enkelt hår i Lærdal

Dei siste åra har det blitt samla inn ekskrement og hårprøver av brunbjørn over heile Norge. I 2010 vart det send inn til saman 899 ekskrementprøver og 314 hårprøver, og det viste seg at 69 prosent av desse stamma frå brunbjørn.

For første gong har ein også samla inn og påvist ein levande bjørn frå ei hårprøve i Sogn og Fjordane.

Ofte kan ein finne store hårdottar av bjørn, men i dette tilfellet var det eitt enkelt hår som vart samla inn. Rein-Arne Golf seier det var litt spesielt då ein fann håret i Lærdal.

- Fellingslaget var ute for å finne bjørnen då dei fann eit enkelt hår i nærleiken av eit sauekadavar. Det var ein av hundane som lukta seg fram til det og jegerane tok vare på det, seier Golf.

(Artikkelen held fram under biletet)

Eit av dei bjørnedrepte kadavera

BJØRN: - Dette må vere bjørn. Det som er typisk for bjørnedrepte kadaver er at bjørnen har ete bringefeittet og juret, sa Håkon Øydvin, rovviltkontakt i Statens naturoppsyn til NRK i fjor sommar.

Foto: Håkon Øydvin/Statens naturoppsyn

Bjørnen har vore fleire stader

Ut i frå det vesle håret har forskarane no funne DNA-profilen på hannbjørnen som i registeret heiter ST10. Denne har ein også funne spor etter i Sør-Trøndelag og Oppland i løpet av fjoråret.

- Alle slike funn av hår og ekskrementa er viktige for at vi skal finne ut meir om bjørnebestanden, seier Golf.

DNA-analysane frå i fjor gjer at forskarane trur det var minst 166 ulike bjørnar innanfor Norge sine grenser i løpet av 2010, det skriv Rovdata på sine heimesider.

Har send ekskrementar til analyse

Seinast for ei veke sidan har ein bjørn tatt føre seg i Sogn. Ein fann då ferske spor etter ein bjørn som har slått i hel ein hjort, ikkje langt frå bresenteret i Luster.

Rovviltkontakt Einar Fortun i Statens Naturoppsyn er ikkje overraska over at ein bjørn har overvintra i Luster.

Golf seier dei no har sikra seg ekskrementrestar etter bjørnen som var i Luster. Prøvesvara kan gje svar på om det er hannbjørnen ST10 som framleis er i området.

- Desse skal vi no analysere, og då kan vi finne ut meir om dette er ein bjørneindivid som er kjend frå før, seier Golf.