Hopp til innhold

Trur bjørn returnerte over fjellet

Bjørnen i Jostedalen vart i går spora fram mot Styggevatnet i retning fylkesgrensa mot Oppland.

Bjørnespor i Luster

SPOR: Dette sporet stammar frå den store bjørnen som i vinter ha vore i hi i Jostedalen.

Foto: Statens naturoppsyn

– Eg følgde spora fram til Viva, og derifrå såg eg spora gå vidare inn mot Styggevassdammen. No går han mest truleg austover, der vi spora han i haust, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn til Sogn Avis.

Bjørnen i Jostedalen gjekk i fjor haust i hi, etter at han hadde komme over fjellet frå området ved Skjåk. Måndag vart det slege fast at bjørnen igjen var ute av hiet - og han hadde drepe ein hjort for å skaffe seg mat.

Golf følgte tysdag spora etter bjørnen så langt han kunne på snøskuter austover. Han meiner bjørnen kan ha blitt vekt frå dvalen av det kraftige mildvêret sist veke - eller han kan ha høyrt snøskred i Nigardsbredalen, skriv Sogn Avis.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.