NRK Meny
Normal

Har gått i fjellet kvar dag i 2014

I år har det ikkje gått ein dag utan at Janne Eikås (43) frå Jølster har vore på ein eller annan fjelltopp. Eller to. Eller tre.

Janne Eikås på topp nummer 441

TOPPMOTIVERT: Ho har ikkje late seg stoppe av verken vêr eller vind, kvalme eller tannverk. I år har det ikkje gått ein dag utan at Janne Eikås (43) har gått tur i fjellet.

Foto: Bård Siem / NRK

Til saman er ho no oppe i 441 toppturar, 181 av dei til Eikåsnipa i Jølster.

Når ho ikkje har gått lei, er det fordi ho elskar å vere ute i naturen. Og for Janne Eikås er kvar tur unik.

– Om kvelden har du ei stemning, på dagtid har du ei anna stemning. Så turen blir aldri den same, seier ho.

Fare for abstinensar

Eikås kjem opphavleg frå kysten og er ikkje så vant med høge toppar. Men ho har alltid likt og springe. Dei siste åra har ho blitt stadig meir glad i fjella der ho bur.

Eikås er ein aktiv motbakkeløpar og fjellturane har vorte treningsgrunnlaget. I år har ho berre teke det eit steng lengre.

Til saman har det blitt 379 000 høgdemeter, i snitt over 1000 høgdemeter kvar dag.

– Nokon vil kanskje meine at det gått langt, men eg synst ikkje det. For det gjev så mykje positivt tilbake. Å bruke naturen, i staden for å sitte inne. Og så treff du så mange kjekke folk, seier ho.

Året går med slutten, men Eikås har ingen planar om å bremse nemneverdig.

– Nei, det går ikkje. Eg kjem til å få abstinensar, seier ho.

Har ikkje late seg stoppe av sjukdom

Likevel, å halde oppe dagens toppturtempo trur ho blir vanskeleg. For det har kosta mykje, ikkje minst tid.

– Eg trur det blir dagleg trening, men det er klart det går ut over eit kvart å gå på toppturar kvar dag. Familien småknurrar litt, seier Eikås.

Når du går tur kvar bidige dag, seier det seg sjølv at forma ikkje kan vere på topp kvar gong. Men sjukdom har aldri stoppa ho. Då har ho heller valt mindre toppar og teke tida til hjelp.

All gåinga har sjølvsagt gjort sitt utslag på forma. Men Eikås har ikkje planar om å blande seg inn i landstoppen blant motbakkeløparane i sin klasse.

– Eg er vel litt for å glad i dei lange, gode fjellturane til at eg greier å systematisere meg godt nok, seier ho.

Avsluttar som ho starta året

For sjølv om ho trenar tek ho seg tid til å nyte naturen, høyre på fuglekvitter og gjerne ta nokre bilete.

– Eg set pris på naturen, sjølv om eg spring, seier Eikås.

Valet av fjelltoppen som skal avslutte året er opplagt. Eikåsnipa på 826 meter har blitt favoritten, eit nærfjell som ho seier, med utsyn til Førde og Jølstravatnet, fjellet og breen.

– Den starta vi på nyttårsaftan i år, og det må sjølvsagt bli avslutningsturen, seier ho.

– Eg må nesten ha ei skikkeleg feiring då, ei god kake og eit glas vin, seier Eikås.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen