Hopp til innhold

Trengte eit prosjekt - gjekk 50 gonger opp Hafstadkleiva på to månader

Kva gjer du når ungane flyttar ut og kona dreg to månader til Japan? Då tek du på deg joggeskoa og går opp Hafstadkleiva 50 gonger på to månader.

Hans Jakob reite

PÅ TOPPEN: Hans Jakob Reite på toppen av Hafstadkleiva. Der har han vore svært mange gonger den siste tida.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det gjorde i alle fall Hans Jakob Reite frå Førde no i haust. Vi var med han på tur nr. 49.

Då var det fint vær, tørt og ikkje så kaldt. Men det har vore mange sure turar opp Hafstadkleiva i øsande regnvær.

–Eg har ikkje sagt det til så mange kva eg driv med, ler han.

Sjå video frå den nest siste turen lenger nede.

(Artikkelen held fram under biletet)

Hafstadkleiva

Hafstadkleiva har vore flittig brukt i haust

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Fire gonger til Mount Everest

Han har rekna ut at høgda tilsvarar 4 gonger opp på Mount Everest. Det skal ein god motivasjon til for å orke å gå same plassen nesten kvar dag.

For det er ikkje den lettaste turen Hans Jakob har valt. Det er ei bratt stigning opp til toppen av Hafstadfjellet. Det er løypa som på folkemunne blir kalla bystien. Så tek han turen ned att om Hundsrasta og vidare langs Bekkja-vatnet og ned. Han har variert nedstigninga, men turen opp har vore den same kvar gong.

–Eg måtte ha eit prosjekt då kona reiste til Japan.

Nøgd kone

Hafstadfjellet

Hafstadfjellet på 706 m.o.h. er eit populært turmål

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Det vanlege er å legge ut slike ting på Facebook og fronte kva ein gjer. Men dette såkalla prosjektet hans har skjedd i det stille. Ein av turane møtte han kjentfolk på toppen som ville skrive han inn i boka. Det hadde han slettest ikkje lyst til. Han ville ikkje at folk skulle vite at han dreiv med prosjektet sitt.

Han har no klart tur nr. 50, og kona var nøgd med at han hadde gått ned 7 kg på to månader. Siste turen tok han laurdags morgon kl. 07. Den var ulik alle dei andre 49 med at han gjekk ned att den bratte Hafstadkleiva, altså same vegen ned som opp.

Men det mest gledelege er nok likevel at han har fått ganske mykje betre kondisjon. Det merkar han ved at pusten fort går ned att til normalt når han stoppar opp i bakkane.

Sjå videoen, så får du vite korleis den nest siste turen gjekk:

Kva gjer du når ungane flyttar ut og kona dreg to månader til Japan? Då tek du på deg joggeskoa og går opp Hafstadkleiva 50 gonger.

Foto og redigering: Heidi Lise Bakke.