Hopp til innhold

Nye funn frå merovingartida - I ei kvinnegrav har dei funne både armband og perler

Det er gjort nye oppsiktsvekkande, arkeologiske funn ved Skarstein mellom Olden og Innvik. Denne gongen i ei kvinnegrav.

Kvinnegrav frå merovingartida

KVINNEGRAV: I kvinnegrava er det funne både gulldekka blyarbeid og armband. Mykje tyder på at

Foto: Roger Vik

I førre veke fann forskarar frå Universitetet i Bergen ei mannsgrav, som mest truleg er frå før vikingtida. I går fann dei ei ny grav, noko forskar Trond Lødøen tykkjer er svært interessant.

– Eg må seie at dette er årets funn, seier Lødøen og siktar til at dei har funne mykje på eit lite område.

Like ved mannsgrava kom det i går fram det som mest sannsynleg er ei kvinnegrav.

– Her fann vi to armband, noko gulldekka blyarbeid og 30–40 glasperler. Vi fant også det som kan hende kan vere restar av tekstilar, men vi er ikkje heilt ferdig med å få fram gravminnet enda, seier han.

Trur dei vil finne meir

Lødøen fortel at toppen av gravminnet er litt skadd, men at det var så godt bevart lenger nede var ei overrasking.

– Når det har vore så mykje innafor eit så lite område, så skal eg absolutt ikkje sjå bort frå at det kjem opp meir.

Det dei eigentleg skulle undersøke var nokre røysstrukturar som ligg litt lengre sør, nærare Olden sentrum. Og det var desse dei hadde størst von til.

– Men no har det altså dukka opp noko i den andre retninga. Før vi er ferdig i slutten av neste veke, så ser eg ikkje bort frå at det vil dukke opp meir, fortel han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Nye arkeologiske funn i Olden

STORE FUNN: Det har blitt funne mykje på eit svært lite område, seier forskar Trond Lødøen, og han ser ikkje bort ifrå at dei vil finne meir den neste veka.

Foto: Roger Vik

Ei rikmannsgrav

Akkurat kva desse funna kan fortelje oss er vanskeleg å seie, forklarar forskaren.

– Det er eit veldig rikt funn, med mange gjenstandar og flott arbeid. Gulldekka blyarbeid seier vel sitt, i tillegg til eit flott armband i bronse. Det tyder i alle fall på høg status, fortel han.

Noko anna han finn interessant er at ei mannsgrav og ei kvinnegrav ligg så tett innpå kvarandre.

I mannsgrava vart det funne eit sverd, ein sigd og fleire pilspissar. No er dei spente på kva vidare analysar vil fortelje. Dei trur at gravene stammar frå merovingartida, altså 600–700 år etter Kristus og eit par hundre år før vikingtida sett inn.

– Det er eigentleg ein nedgangsperiode, men ikkje på denne garden ser det ut som, seier Lødøen.

Med skrekkblanda fryd

– Slike funn vi har gjort i dag er verdt heile innsatsen. Samstundes er det så sjeldan at vi finn slikt at det er med skrekkblanda fryd vi går i gong med det. Det er skjøre gjenstandar som skal opp og rett til konservering fordi dei er i ferd med å gå i oppløysing. Vi må vere svært varsame, seier Lødøen.

No skal gjenstandane til Universitetsmuseet i Bergen der det blir sørga for ei trygg forvaring. Lødøen håpar folk skal få moglegheita til å sjå det han og teamet hans har funne så langt i Olden.

– Det er viktig for oss at dette vert formidla til folk. På eit eller anna vis må vi få ordningar som gjer at det her kan nå alle. Dette er jo for allmenta, forklarar han.