Hopp til innhold

Her gjer dei store funn frå vikingtida

Pilspissar, sverd og glasperler er noko av det gjengen som driv med utgravingar i Olden har funne dei siste dagane.

Arkeologiske funn i Olden

STORE FUNN: Trond Lødøen (t.v.) og Per Christian Underhaug viser fram funna som dei har gjort like ved fylkesveg 60 i Olden. Her ser ein tydeleg sverdet og sigden.

Foto: Roger Vik

Under utgravingar i samband med utbyggingsplanar av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik, også kjent som Norge verste veg, vart det for få dagar sidan gjort spennande funn.

Trond Lødøen er forskar ved Universitetsmuseet i Bergen og prosjektleiar for utgravingane ved Skarstein. Han seier funna dei har gjort ikkje er kvardagskost.

– Vi har funne eit par pilspissar, og etter kvart som vi jobba oss rundt dette, så kom det òg fram eit sverd, ein sigd og glasperler, fortel Lødøen.

Frå tidleg vikingtid

Han forklarar at alt tyder på at dette dreier seg om eit gravfunn frå tidleg vikingtid eller kanskje merovingartid.

– Førebels er vi litt usikre på alderen, men det jobbar vi med å finne ut, men det er nok frå tida 700–800 år etter Kristus, kanskje seinare, seier forskaren.

Det var Per Christian Underhaug og Nikolai Rypdal Tallaksen som gjorde funna og har spennande arbeidsdagar føre seg.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arkeologiske funn i Olden

FRÅ VIKINGTIDA?: Nedst i bilete ser ein sverdet. Ovanfor ligg sigden, og heilt oppe i venstre hjørnet ligg to pilspissar. Ser ein i området nedanfor pilspissane ligg ei raud lita glasperle med hol i.

Foto: Roger Vik

Sjeldan godt bevart

Lødøen seier dei stadig finn noko, men det å finne såpass fint bevarte gjenstandar er sjeldan.

– Det er jo røyser her, så vi hadde jo mistanke om at det skulle vere nokre gravminne her, men det er ikkje så ofte at vi finn dei så godt bevart, forklarar Lødøen.

Sverdet som er funne er einegga og ganske langt, det vart funne rett ved sidan av ein fint krumma sigd. Ovanfor dei låg det to pilspissar. I tillegg er det teke ut tre pilspissar til.

Pilspissar, sverd og glasperler er noko av det gjengen som driv med utgravingar i Olden har funne dei siste dagane. Foto: Roger Vik

VIDEO: Her gjer dei store funn frå vikingtida. Foto: Roger Vik.

Har teke fram penselen

Arkeologiske funn i Olden

UTGRAVING: I samband med utbyggingsplanar av fylkesveg 60 mellom Olden og Innvik driv Universitetsmuseet i Bergen i desse dagar utgravingar på Skarstein.

Foto: Roger Vik

– Kollegaene mine held på å jobbe det fram. Først brukte vi gravemaskin, og no har vi gått over til det som dei fleste trur vi alltid brukar, nemleg pensel, fortel Lødøen.

– Vil du seie at de har funne mykje?

– Ja, på det vesle arealet vi har jobba på, som er eit lite nes som skal rettast ut dersom det blir utbygging, så er det ganske mykje. Vi har mange røyser, og er enda ikkje ferdig med å opne alle. Til no har vi opna ei lita røys der vi har gjort dette uvanlege funnet, fortel forskaren.

Kanskje ei skipsgrav

Arkeologiske funn i Olden

MED PENSEL: Per Christian Underhaug og Nikolai Rypdal Tallaksen penslar fram store funn.

Foto: Roger Vik

Han ser ikkje bort ifrå at dei kjem til å finne enda meir dei neste vekene. No skal dei til å opne mange av dei andre små røysene. Først trudde dei det berre var ei stor røys, men no ser det ut til at det er mange små.

Dei har gått over området med metalldetektor, og mykje tyder på at det ligg meir under jorda i utgravingsområdet.

Spreidd over heile området finn dei masse jarnnaglar som dei trur kanskje kjem frå ein båt som er brent.

– Kanskje det er ei skipsgrav. I tillegg er det veldig mykje bein spreidd utover området, så vi har nok å gjere.

(Artikkelen held fram under biletet)

Arkeologiske funn i Olden

BEINRESTAR: Her er noko av funna som allereie er kome opp av jorda. Øvst ser ein tre pilspissar som vart funne oppå sverdet. I posane er samlingar av ulike beinmateriell. Lødøen seier det er brente beinrestar. Truleg personar som er blitt kremert.

Foto: Roger Vik

Mykje funn ved Nordfjorden

Kunnskap om viking- eller merovingartida frå akkurat denne plassen har ein ikkje, men Lødøen seier at det er mykje funn frå denne perioden innover i Nordfjorden.

Likevel er det sjeldan ein finn såpass heilskaplege gravfunn som dei no er kome over.

– Vil desse funna få noko å bety for ei eventuell utbetring av vegen?

– Det skal ikkje eg blande meg borti, seier han. Men understrekar at funnmaterialet har det best når det får liggje der det ligg. Det vert stadig utvikla nye metodar, slik at i framtida vil ein kunne dra ut enda meir kunnskap av jordmassane, enn det dei gjer i dag, forklarar han.

Mange brikker små skapar historie

Lødøen trur dei vil halde på nokre veker til med utgravingane. Det er einaste vêret som eventuelt stoppar dei, fordi det er vanskeleg å ta opp slike funn når det regnar.

Funna går no inn til konserveringsavdelinga på universitetsmuseet i Bergen. Lødøen legg til at dei har eit særs godt samarbeid med Statens vegvesen.

– Kva betyr funna historisk sett?

– Det er veldig vanskeleg å seie, men det er difor vi gjer dette. Mange brikker små skal på ein måte kunne komplettere ei større historie. Kanskje ikkje eitt enkeltfunn, men når ein kan setter alle småfunna saman med anna kunnskap, så vil vi få meir kunnskap om det som har skjedd akkurat her på Skarstein ved Olden.

Arkeologiske funn i Olden

SPENNANDE: Trond Lødøen (i midten) seier dei berre vore innom ein liten del av området og reknar med å finne meir. Ein metalldetektor har allereie gitt dei klare indikasjonar på at det er meir i jorda.

Foto: Roger Vik