Hopp til innhold

Har fått prøvesvar

Politiet ha no fått svaret på blodprøvane som vart tatt av føraren som er sikta aktlaust drap etter ei trafikkulukke i Kjølsdalen i Eid i romjula. To kvinner omkom i ulukka. Regionlensmann Tormod Hvattum vil i dag ikkje seie noko om kva prøvane viser, men seier dei først skal ha ein gjennomgang med ein sakkunnig. Dei vil og gjere nye avhøyr av den sikta. Politiet ventar og på svar på dei tekniske undersøkingane som politiet sine eigne teknikarar og ulukkesgruppa til Statens vegvesen gjorde etter ulukka.