Hopp til innhold

Denne sauen er mest truleg offer for ulven sine herjingar

Bøndene i Ytre Sogn fryktar no at ein ulv har gjort store innhogg i saueflokkane. No ber dei alle hjortejegerane som skal ut frå søndag om å sjå etter det frykta rovdyret.

Sau drepen av ulv på Lavikdalen i Sogn

DREPEN AV ULV: Denne sauen blei funne drepen onsdag. Mest truleg er det ulven som har herja med dyret.

Foto: SNO, rovviltseksjonen

– Det er sendt ut melding til alle jaktvalda der ein ber jegerane om å følgje med i terrenget og vere observante på kadaver eller rovdyr, seier Ove Sørestrand til NRK.

Som leiar i beitelaget for nordsida i Høyanger kommune følgjer han spent med på undersøkingar som no vert gjort i fjellområda der han og andre bønder har fleire tusen sauer.

– Vi håpar at alle jegerane blir med på å sjå etter beitedyr og rovdyr, seier Sørestrand.

Truleg ulvedrap

Dei siste dagane er det funne tre sauekadaver og minst eitt av dei er mest truleg drepe av ulv, stadfestar regionalt rovviltansvarleg hjå Statens naturoppsyn, Rein Arne Golf.

– Sauekadaveret eg sjekka på onsdag hadde bittskadar som ikkje heilt utelet ulv, seier Golf.

Ein einsleg ulv har vore i fjellområda i Fjaler, Høyanger og Hyllestad sidan i fjor sommar, men mange trudde at ulven no hadde vandra vidare. Det syner seg mest truleg ikkje å stemme.

– Vi har fått overraskande lite meldingar i sommar. Vi veit jo at det har vore ein ulv her og vi hadde venta at det kom meir meldingar på funn av sauer. Men no er truleg ulven i området igjen, meiner rovviltkontakten.

Ove Sørestrand i Lavikdalen

BER FOLK FØLGJE MED: Sauebonde og beitelagsleiar Ove Sørestrand ber jegerar og andre som går i fjellet om å sjå etter sauekadaver og rovdyr.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vurderer fellingssøknad

Han stadfestar også at fleire har sett dyr i fjellet som kan vere ulv, men at det er usikre observasjonar.

I Hyllestad og på nordsida i Høyanger er det nær 5000 sauer på utmarksbeite og bøndene hadde håpa at ulven no hadde funne nye jaktmarker.

– Vi er klare til å sende ein søknad om skadefellingsløyve dersom vi får stadfesta at det er ein ulv i området. Det er minst 40-50 sauer i området som ikkje er gjort greie for, seier sauebonde og beitelagsleiar Ove Sørestrand.