Hopp til innhold

Har enno ikkje fått løn av bærbonden

Sesongarbeidarane Juditha Kazlauskiene og Zaneta Petokaitiene har framleis ikkje fått løn frå bærbonden som Arbeidstilsynet skuldar for grove brot på arbeidsmiljølova.

Bærbonde skulda for sosial dumping

INGA LØNN: Juditha Kazlauskiene og Zaneta Petokaitiene ventar framleis på betaling for jobben dei gjorde i sommar.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det var i byrjinga av september at NRK fortalde om dei to litauiske kvinnene som brukte sommaren på ein gard i Sogn og Fjordane til å plukke bær, saman med over 20 andre sesongarbeidarar.

Då Arbeidstilsynet kom til gards vart det avdekka grove brot på arbeidsmiljølova.

– Arbeidsavtalen er ikkje oppfylt, utbetaling av løn samsvarar ikkje med minstekrava, og avvika gjeld også føring av timelister, sa tilsynsleiar Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet den gongen.

Sjølv stod Zaneta Petokaitiene fram i NRK og fortalde følgjande:

– Eg føler meg som ein slave. Vi jobbar opp til 12 timar for dagen. I dag har eg jobba 6,5 timar og er skamfull over kva eg har tent. Etter mine notat er det 400 kroner, som er knappe 62 kroner timen, sa Petokaitiene.

Zaneta og Juditha skal ha nekta å skrive under ein avtale som betalte per kilo, og ville heller følge allmenngjort løn, slike lova seier, ifølge Arbeidstilsynet.

No 3,5 månadar seinare har Petokaitiene og Kazlauskiene framleis ikkje fått løn. Det skal heller ikkje ein tredje litauisk arbeidar ha fått.

To av dei skal ikkje ha anna arbeid og går jula i møte utan at løna frå i sommar er komen.

Alle dei andre sesongarbeidarane skal ha fått betaling, men fleire skal ha blitt trekt for høg husleige.

Bad om dokumentasjon

Arbeidstilsynet bad bonden om kopi av arbeidsavtalane, timelister og kven som har vore tilsett innan 19. september. Vidare bad Arbeidstilsynet om kopi av lønsslippar/avrekningar innan 7. oktober.

Bonden svara ikkje innan fristane.

Det førte til at bonden to gonger i haust fekk varsel om tvangsmulkt på 3000 kroner per spørsmål per veke dersom han ikkje svarte innan ein ny frist, som vart sett til 7. november.

Svara kom heller ikkje då.

Arbeidstilsynet har difor vedteke å pålegge bonden tvangsmulkt. Det er fire ting tilsynet vil ha svar på, som betyr at bonden sidan 7. november har fått til saman 12 000 kroner per veke i mulkt.

– Mulkta går framleis og vil gjere det til vi får dei siste dokumenta, seier tilsynsleiar Jan Petter Sæbø.

Jan Petter Sæbø

ALVORLEG: Tvangsmulkta held fram til vi har teke imot all dokumentasjon vi ber om, seier tilsynsleiar Jan Petter Sæbø i Arbeidstilsynet.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Personlege grunnar

Bærbonden seier det er personlege grunnar til at han ikkje har svart Arbeidstilsynet innan fristane. Men at dokumenta tilsynet har bedd om, no er sendt.

Om løna forklarar han følgande:

– Eg har ikkje motteke skattekort med D-nummer av desse to damene. Då anbefalte skattekontoret å ikkje betale ut løna. Arbeidstilsynet seier eg kan betale ut etter pass-ID. Det har eg ikkje motteke av dei enno.

– Du har også kravd 7500 kroner for husleige per månad av ein arbeidar?

– Eg er nøydd til å trekke frå innkvartering skal eg få jordbruket til å gå rundt. Det blir påstått at det er høgt, men det er så enkelt at får me ikkje dette inn, så er det ikkje grunnlag for drift.

– Men arbeidaren budde på firemannsrom. Det betyr ei romleige på 30 000 kroner i månaden?

– Alternativet vil vere campingplass eller i telt, og det er inga god løysing. Summen er det same som turistforeininga tek inn på fjellet. Og det inkluderer straum.

– Med talet arbeidarar du hadde i sommar, vil du tene nær 200 000 i husleige per månad?

– Det er ikkje månadsprisen som er interessant. Men kostnaden med å ha eit slikt bygg på garden i løpet av eit år.

– Er det arbeidarane som jobbar for deg som skal dekke kostnadene?

– Her er det behov for overnatting til arbeidstakarane og huset er bygd på grunn av dei. Då må kostnaden dekkast inn. Eg kan vere samd i at det er høg leige. Men vinterstid kan eg ikkje leige ut. Då må kostnadane dekkast inn i løpet av sommaren.

– Ingen skurk

– Men husleige stod det ingenting om i arbeidskontraktane?

– Eg forklarte munnleg at husleige var ein del av løna. Men det er mogleg vi burde ha informert betre om dette.

Bonden hevdar han er blitt truga i samband med saka og at han har meldt ei sak til politiet for kroppskrenking, ei sak han seier politiet har lagt til side.

– Eg er ingen skurk. Eg tykkjer eg er bra ryddig i forhold til mange andre eg høyrer om, seier bonden til NRK.