Hopp til innhold

Bærbonde blir skulda for sosial dumping

Arbeidstilsynet har avdekka grove brot på arbeidsmiljølova hjå ein bærbonde med over 20 sesongarbeidarar. Zaneta Petokaitiene frå Litauen hevdar løna hennar har vore nede i 62 kroner timen.

Bærbonde skulda for sosial dumping

IKKJE NØGDE: Juditha Kazlauskiene og Zaneta Petokaitiene føler seg dårleg behandla. Dei har no reist frå landet.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Eg føler meg som ein slave. Vi jobbar opp til 12 timar for dagen. I dag har eg jobba 6,5 timar og er skamfull over kva eg har tent. Etter mine notat er det 400 kroner, som er knappe 62 kroner timen, fortel Zaneta Petokaitiene til NRK.

Sidan midten av juli har ho og venninna Juditha Kazlauskiene jobba som bærplukkarar hjå ein bærbonde saman med over 20 andre sesongarbeidarar. Møtet med sommarjobben i Sogn og Fjordane vart ikkje som forventa. I kontrakten er akkordbetalinga 7,50, 10 og 15 kroner kiloen, alt etter kvaliteten på bæra, men inga minstelønn, og feriepengane er inkludert i provisjonen.

– Før vi kom til Norge undersøkte og fann vi ut at vi hadde rett på ei minsteløn på 111 kroner 15 øre timen, seier ho.

Sjekkar sosial dumping

I august kom også Arbeidstilsynet på besøk til bonden. Tilsynsleiar Jan Petter Sæbø seier dei fann klare avvik.

Beredskapssjef Jan Petter Sæbø i Helse Førde

SOSIAL DUMPING: Jan Petter Sæbø er tilsynsleiar i Arbeidstilsynet. Han trur ikkje bærbonden er åleine om å bryte reglane.

Foto: Johan Moen

– Arbeidsavtalen er ikkje oppfylt, utbetaling av løn samsvarar ikkje med minstekrava, og avvika gjeld også føring av timelister, fortel han.

Noko av bakgrunnen for kontrollen hjå bonden er sosial dumping, at utanlandske arbeidstakarar ikkje får same løna, goda og arbeidsforholda som norske arbeidstakarar.

– Eit av områda vi har spesiell satsing på er landbruket, og vi ser på om utanlandske arbeidstakarar får det dei har krav på.

Kjenner seg ikkje att i skuldingane

Etter at Arbeidstilsynet var på garden tykkjer Petokaitiene at tonen vart skjerpa hjå arbeidsgjevaren.

– Eg er redd. Dei spurte om kven som hadde varsla Arbeidstilsynet og ville vite mest mogleg, seier ho.

Bonden kjenner seg på si side ikkje att i skildringane frå dei tilsette eller funna til Arbeidstilsynet.

– Eg reagerer sterkt på skuldingane. Vi har stort sett kontroll på arbeidsmengda til plukkarane. Dagen med låg løn det vert referert til, var på slutten av sesongen med færre bær i feltet. Innkvarteringa må også reknast med i løna, då når vi minsteløna, skriv han i ein e-post til NRK.

Han stiller seg uforståande til at arbeidarane kjenner seg utrygge, men vedgår likevel at det er avvik i arbeidskontraktane og seier det er beklageleg.

– Det er berre å konstatere at sesongarbeidarane hadde høgare forventingar til inntening enn kva som er realistisk i landbruket. Her må vi berre ta sjølvkritikk på at vi ikkje har gitt dei god nok informasjon.

For Zaneta Petokaitiene vart ikkje opphaldet i Noreg slik ho hadde sett føre seg.

– Vi er i 2016. Eg trudde ikkje dette skulle skje i eit land som Noreg.