Hopp til innhold

Har blitt «proff» på berre eitt år

I konkurranse med 265 andre sikra Fredrik Høstaker (23) seg ei av rollene i musikalen «Grease». Berre eitt år etter at han vart ferdig utdanna blir han skildra som ein proff skodespelar.

Fredrik Høstaker

TALENT: Fredrik Høstaker frå Førde har vist seg å ha eit stort skodespelartalent. Berre i løpet av 2014 er han å sjå i tre større oppsettingar.

Foto: Karl Kristian Langeland / NRK

– Det er fint å bli lagt merke til og få prøve seg litt. Eg har fått kjenne litt på det å vere frilansskodespelar allereie, seier 23-åringen frå Førde.

Frå Chat Noir til teateret i heimfylket

Med eit stort smil fortel han ivrig om det travle året han er inne i. I vår har han spelt ei stor rolle i musikalen «A Chorus Line» på Chat Noir i Oslo.

Etter fire tøffe rundar med audition klarte han å vise seg verdig ein plass i musikalen.

– Det var beinhardt på audition. Det var hefting dansing, synging og speling. Men det gjekk jo bra, seier 23-åringen.

No er han snart på veg tilbake til heimfylket og Sogn og Fjordane Teater. Der blir han å sjå i oppsettinga av «Kjærleikens ferjereiser». Sjølv ser han ikkje mørkt på å forlate storbyen til fordel for eit fylkesteater på Vestlandet.

– Mange tenkjer at det er stort å stå på ei scene i Oslo, men det er akkurat det same. Eg synest det er utruleg kult å komme tilbake etter å ha budd vekke frå Førde i mange år, seier han.

(Artikkelen held fram under)

Fredrik Høstaker (23) er nettopp ferdig utdanna skodespelar, og no går det slag i slag. Førdianaren vender no snuten heimover, der han skal sepele i oppsettinga "Kjærleikens ferjereiser". Her syng han "Corner of the sky" frå musikalen Pippin, den same han song på audition for å lande rolla i "Kjærleikens ferjereiser".

SLIK FEKK HAN ROLLA: Her syng han "Corner of the sky" frå musikalen Pippin, den same han song på audition for å lande rolla i "Kjærleikens ferjereiser" på Sogn og Fjordane Teater.

Danka ut 250 andre

Øvingane vil gå føre seg i sommar, før det er premiere på stykket til hausten. Allereie i desember skal Høstaker på flyttefot igjen, då går turen til Haugesund og nye eventyr.

For den unge skodespelaren har verkeleg fått ein fot innafor. På Haugesund Teater blir Høstaker å sjå i ei av dei 13 rollene i rock 'n' roll musikalen «Grease».

Og der var nålauget trongt, 265 unge håpefulle kjempa om ein plass på rollelista.

– Det var over 250 med på audition, som gjekk over fire rundar med dans, song og dialog.

– Det var veldig kjekt, men det er også nervepirrande når ein skal prestere og vise at ein er dyktig. Samtidig som ein skal vere eit godt menneske, vere flink til å samarbeide, og ikkje la seg stresse, ramsar han opp.

– Ung, men samtidig proff

Men alt dette har tydelegvis den unge skodespelaren full kontroll på. I løpet av 2014 blir han altså å sjå i tre større oppsettingar, noko fleire har lagt merke til.

Ein av dei er påtroppande teatersjef i Haugesund, og instruktør for førestillinga «Grease», Erik Schøyen.

– Vi er svært glade for å få ein så ung, men samtidig proff skodespelar som Fredrik til vårt teater, seier han.

Likar den litt usikre kvardagen

Sjølv gler førdianaren seg over suksessen han har hatt til no. Sidan han valte å gå denne karrierevegen har han fått høyre at det kjem til å bli knalltøft.

– Alle har alltid spurt om dette ikkje vil bli vanskeleg, om det er nok jobbar og slike ting.

– Men eg synest det er spennande at det er usikkert, men så er det sjølvsagt tøft også.

For når ein konkurrerer med over 250 andre om ei rolle, så må ein halde tunga rett i munnen. Høstaker har blitt vand til å lære seg nye ting nesten over natta.

– Ein må heile tida halde seg ved like, utvikle seg og lære seg nye ting. Det kan vere alt frå å danse ballett til å spele eit instrument, seier han.

Budd på motgang

Berre dette året skal han altså bu tre plassar, i Oslo, Førde og Haugesund. Enn så lenge trivst han med eit slikt liv.

– Det er kanskje ikkje så gøy når ein har gjort dette i 20 år, då vil eg kanskje ha noko meir stabilt. Men akkurat no er det veldig kjekt.

Sjølv om det første året av karrieren har gått ganske på skjener, er Høstaker budd på at han også kjem til å møte motgang.

– Det å kjenne på at ein ikkje er god nok, er sjølvsagt ikkje noko kult. Men ein må berre prøve tenkje at det ikkje handlar om at eg er eit dårleg menneske, men at eg ikkje passar i den aktuelle samanhengen. Men det er ikkje alltid like lett, seier han blid.

Tek gjerne turen nordover

Kva som skjer når han er ferdig i Haugesund og musikalen «Grease» har spelt si siste oppsetting, veit han ikkje enno. Håpet er at det kan bli ein tur til eit teater lenge nord i Norge.

– Eg har veldig lyst til Den Nasjonale Scene og til Det Norske Teatret. Men så kunne eg også godt tenke meg å reise til andre delar av landet.

– Det er flaut, men eg har ikkje vore lenger nord enn til Ålesund, så eg kunne godt tenkje meg å spele på nokre av teatera som ligg lenger nord enn det.