Hopp til innhold

Filmfestival utsette fristen - håpar framleis på rekord

Sogndal Filmfestival sette seg mål om mellom 50 og 70 innsende filmar. No har dei utsett fristen for innsending for å setje rekord.

Oddvar Vigdal og Camilla Hjartholm Solheim

SJEFAR: Festivalsjef Oddvar Vigdal og nestleiar Camilla Hjartholm Solheim håpar framleis på rekord for Sogndal Filmfestival.

Foto: Sogndal Filmfstival

Fristen for innsending gjekk eigentleg ut 3. mars, men lokale filmskaparar får no fram til 7. mars med å sende inn bidrag til filmfestivalen.

Midt på dagen i går hadde dei fått inn vel 20 filmar. Under halvparten av det dei håpa på.

– Vi ser at folk ventar til siste liten med å levere. Det er greitt det, seier festivalsjef Oddvar Vigdal.

Har fått lovnader

Anders Baasmo Christiansen på Berlinale i Berlin

FØREDRAG: Skodespelaren Anders Baasmo Christiansen har mellom anna medverka i «Kon Tiki».

Foto: Eckehard Schulz / AP

Det er knappe tre veker til festivalen går i gang på kulturhuset i Sogndal. Målet er ikkje berre å dele ut pris, men også å underhalde og stimulere filminteressa. Og å få inn meir enn fjorårets 50 kortfilmar kom konkurrerte om ulike prisar.

Filmfestivalen er framleis god i trua på at dei skal klare det.

– Vi såg stor pågang i går, og har fått ord om filmar frå ulike skuleklassar, også frå folkehøgskulen og kanskje høgskulen i Sogndal, seier Vigdal.

Kunst og sport

Førebels har dei hatt meir enn nok av brikker å få på plass til at dei har kunne gå bidraga nærare i saumane. Men Vigdal tykkjer det dei har sett, verkar lovande.

Arve Uglum

FØREDRAG: Arve Uglum skal ta over etter TV-suksessen «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Tema for årets filmfestival er «Ung kortfilm på sitt beste»

– Det ser fantastisk bra ut. Det er mange dyktige filmskaparar der ute, seier han og legg til at kunstfilmar og sportsfilmar ser ut til å vere den nye trenden i år utan å kunne gi noko nærare grunn på kvifor.

– Elles er de i rute?

– Alt er nesten spikra på plass. Det står litt att på å ferdig premiane og føredragshaldarane er klare. Det er berre å få plukka ut dei beste filmane og få i gang jurymøte. Så nærmar vi oss festivalstart.