Hopp til innhold

Han kjem til Sogndal Filmfestival

Skodespelaren Anders Baasmo Christiansen og NRK-journalisten Arve Uglum skal vere føredragshaldarar på årets Sogndal Filmfestival.

Anders Baasmo Christiansen

ATTRAKTIV GJEST: Anders Baasmo Christiansen frå innspelinga av «Kon Tiki».

Foto: Calle Raabe / Nordisk Film Production

Festivalsjef Oddvar Vigdal seier han er stolt over å ha fått to så attraktive namn på plakaten. Arrangementet i Sogndal Kulturhus den 24. mars er ope for alle.

– Hovudmålgruppa er elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skule, men vi tek imot alle interesserte.

– Stor spennvidde

Han meiner Baasmo Christiansen og Uglum gir festivalen stor spennvidde og kvalitet.

Anders Baasmo Christiansen er utdanna frå Teaterhøgskulen og filmdebuterte i 2003 i «Buddy». Seinare har han m.a. vore med i «Kon Tiki», og han er den første norske skodespelaren som har vunne både Gullruten, Amanda og Hedda-prisen.

Arve Uglum

SKAL HALDE FØREDRAG: Arve Uglum, NRK.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Skal snakke om «Fjellfolk»

Arve Uglum er tilsett i NRK Sogn og Fjordane og har saman med fotograf Torje Bjellaas laga serien «Fjellfolk». No skal han ta over etter Oddgeir Bruaset som progamleiar for «Der ingen skulle tru at nokon kunne bu».

På filmfestivalen i Sogndal skal han fortelje om dei opplevingane han har hatt under planlegginga og opptaka til «Fjellfolk» og om korleis serien vart utvikla til å bli ein sjåarsuksess.

Anders Baasmo Christiansen blir også med på gallakvelden, og han skal dele ut ein av prisane.

Fristen for å sende inn film til Sogndal Filmfestival er 3. mars. Festivalen blir avvikla for tiande gong.

Oddvar Vigdal og Camilla Hjartholm Solheim

FESTIVALLEIINGA: Festivalsjef Oddvar Vigdal og Camilla Hjartholm Solheim.

Foto: Sogndal Filmfstival