NRK Meny
Normal

Håpar Brustad reddar sengeposten

Flora kommune frir til helseministeren for å redde sengeposten ved Nærsjukehuset i Florø.

Sylvia Brustad
Foto: NRK

Kommunen sender brev til både helseministeren og Helse Vest og ber dei om at sengeposten ved Nærsjukehuset blir oppretthalden.

Trur Brustad er misnøgd

Leiar i Flora arbeidarparti, Jan Helge Dale, meiner helseminister Sylvia Brustad må vere svært misnøgd med det som har skjedd i Florø.

- Helse Førde har ikkje på noko tidspunkt yngst å gjennomføre det her. Nærsjukehuset vart skildra som eit pilotprosjektet då det vart vedteke i 2003. Vi stiller spørsmål om ministeren er nøgd med utviklinga, seier Dale.

Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen har fått svar frå Brustad på eit konkret spørsmål om sjukehuset i Florø. Der skriv statsråden at ho vil vurdere om nedlegginga av sengeposten er i samsvar med vedtaket om etableringa av Nærsjukehuset. Det vil ho gjere når Helse Vest har handsama saka.

Lite engasjement i Helse Vest

Styreleiar i Helse Vest, Oddvar Nilsen, seier til Bergens Tidende at det slett ikkje er sikkert at Flora-saka kjem opp som eiga sak i Helse Vest-styret. I tilfelle må nokon ta den opp i samband med budsjettet for Helse Førde.

Jan Helge Dale går likevel ut i frå at Brustad vil be Helse Vest handsame saka.

- Det reknar eg sjølvsagt med, ut i frå det svaret Gunnvald Ludviksen fekk. Vi sender uansett vore innspel til Helse Vest, som etter vårt syn er adressat for saka. Denne saka er ikkje nå nokon måte ferdig, meiner Dale.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen