Statens Forureiningstilsyn har bestemt at dei gamle Søderberg-anlegga i C-hallen i Høyanger og Å3 i Årdal forureinar for mykje, og dermed må stengast innan 2007. Dette ville koste opp mot 400 Hydro-jobbar og fått store ringverknader i dei to industrisamfunna.
Reduserer utslepp med 75%
I følgje Sogn Avis vil Hydro no bruke 3 millionar kroner på å teste ut ideen til Hauge som består av eit avsug som kan redusere utsleppa med 75 prosent. Tom Moen i Hydro Aluminium meiner dette er forsøket verdt. Sjølv om denne teknologien på ingen måte kan gje den utdaterte Søderberg-teknologien evig liv.
Krysser fingrane
Kva idéen vil koste å gjennomføre, og om det vil late seg gjere i det heile er heilt i det blå. Men i Årdal og Høyanger kryssar dei fingrane for det som kan vere deira siste håp etter at Hydro sa nei til å investere i ny teknologi for å halde produksjonen oppe.