Hopp til innhold

Hanne Kristine Fridtun er sakna

Fylkesleiar i AUF i Sogn og Fjordane, Hanne Kristine Fridtun, er laurdag ettermiddag framleis sakna etter skytedramaet på Utøya.

hanne kristine fridtun og Torbjørn Vereide

SAKNA: Hanne Kristine Fridtun er sakna etter skytedramaet på Utøya. Her står ho saman med Torbjørn Vereide, som også var på Utøya.

Ingen har vore i kontakt med Fridtun sidan om lag klokka 18.30 fredag kveld.

Ingen har høyrt frå Fridtun

Fridtun var saman med om lag 650 ungdomar på AUF sin sommarleir på Utøya då ein mann, som no er pågripen av politiet, starta å skyte rundt seg.

NRK hadde kontakt med Fridtun på telefon om lag klokka 18.00 fredag kveld. Då låg ho saman med 20 andre ungdomar i vasskanten på Utøya.

NRK høyrde skyting gjennom telefonen.

Prøver å få kontakt

Arbeiderpartiet lokalt, med fylkesleiar Nils P. Støyva, har sidan i fredag kveld arbeidd med å få kontakt med Fridtun utan å lykkast.

Støyva seier det har vore ei vanskeleg natt.

– Eg hadde aldri trudd eg skulle oppleve noko slikt, seier fylkesleiaren.

Fridtun er 20 år gammal og kjem frå Stryn.

Ho vart vald til fylkesleiar for Sogn og Fjordane AUF i februar i år. Årets sommarleir på Utøya var den første for den ferske leiaren.

Fire andre trygge

Det var fem ungdomar frå Sogn og Fjordane på sommarleir. Dei fire andre er:

  • Torbjørn Vereide frå Sandane
  • Fred Ove Løtuft, frå Gloppen
  • Thor Mehammer, fylkessekretær frå Florø
  • Kjetil Klakegg Bergheim, frå Florø

– Eg har i natt vore i kontakt med pårørande og kan seier at fleire er i god behald, men at det også er sakna frå Sogn og Fjordane, seier Støyva.

NRK snakka i går med far til Torbjørn Vereide, Sigmund Vereide. Han opplevde dramatiske timar medan han venta på telefon frå sonen sin.

Beredskap

Det vert no i morgontimane oppretta ein beredskap for å følgje opp dei aktuelle kommunane.

– Vi skal gjere alt vi kan for å følgje opp familiane på ein best mogleg måte, seier Støyva.

Fridtun var ved 19.00-tida laurdag kveld framleis sakna etter skyteepisoden på Utøya.