Hopp til innhold

Lange timar i uvisse

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Torbjørn Vereide frå Sandane var på Utøya saman med nær 700 andre då ein mann utkledd som politimann starta å skyte rundt seg.

Heime på Sandane fekk far Sigmund Vereide ein vanskeleg telefon.

– Han ringde og sa at han låg i dekning fordi det var nokon som var etter dei og ville skyte dei, fortel Vereide.

Politiet stadfestar overfor NRK, klokka 21.00, at ein mann er pågripen for skytinga. Fleire ungdomar skal vere drepne.

Trudde knapt det han høyrde

Det var rundt klokka halv seks i ettermiddag at ein mann opna skot mot ungdomar som var samla på Arbeidarpartiet sin årvisse ungdomsleir på Utøya.

Sigmund Vereide trudde, som sikkert mange andre, at dette umogleg kunne vere sant.

- Men eg skjønte jo snart at dette var alvor, seier Vereide.

Han opplevde nokre forferdelege timar i uvisse medan skotdramaet heldt fram på Utøya.

Fekk ein kort telefon

Vereide, som sjølv er Ap-politikar på Sandane, fekk ein heilt kort samtale med sonen Torbjørn Vereide på telefon.

– Vi kunne ikkje snakke så veldig lenge, for når du har folk etter deg med pistol så må ein prøve å halde seg i ro, seier ein oppskaka far.

– Hadde du kontakt med han på sms?

– Ja, det har vore nokre sms også, seier Vereide.

– Korleis har det vore å sitte å vente, utan å vite?

- Dette har vore det verste. Heilt forferdeleg. Det er ein lang periode å sitje å vente, seier Vereide.

Sonen trygg

Etter nokre timar fekk Sigmund Vereide ein telefon han vil huske lenge.

– Torbjørn ringde mor si, som ringde meg og sa at Torbjørn var trygg.

– Eg er veldig gla for at han er trygg, men det er klart det har vore ein dramatisk tid, seier han.

Sigmund Vereide klarar knapt å skildre gleda av å vite at sonen er trygg.

– Det er ubeskriveleg godt, seier han.

Fleire drepne

Midt i gleda over at hans eigen son er trygg, går tankane til andre.

– Det gjekk ikkje bra for alle, så det er trist og uverkeleg. Det er eigentleg ikkje heilt til å forstå, seier han.

– Kva tenkjer du om det som har råka Oslo og Utøya i dag?

– Det er heilt uverkeleg. Vi har jo sett at dette har skjedd i andre land, og Norge har vore ein fredeleg plett.

– Dette vert ein merkedag på at vi også er ein del av verden, og at galskap og terrorisme også kan råke oss, sier han.

Vil møte sonen

I morgon håper Sigmund Vereide å få sjå sonen sin att.

- Eg reknar med at han enten kjem hit, eller at eg reiser til Oslo for å få snakke med han.

Fylkestingspolitikar for Arbeiderpartiet, frå Florø, Karianne Torvanger seier dagen i dag er ein tung dag for AUF.

– Det har vore ein forferdeleg dag. Det er framleis ganske mykje som er usikkert, seier Torvanger.


NRK har ikkje lukkast å kome i kontakt med Torbjørn Vereide sjølv.