Hopp til innhold

Hanne hamna midt i terroren i København

Hanne Stavø Storkås (23) var berre 40 meter frå dramaet då ein mann begynte å skyte mot kafeen Krudttønnen i København.

Hanne Stavø Strokås

TETT PÅ: Då det som vert skildra som eit terrorangrep starta i København laurdag ettermiddag var Førde-jenta Hanne like ved.

Foto: privat /Mathias Øgendal / NTB scanpix

– Først trudde vi det var rakettar vi høyrde, fortel Hanne Stavø Storkås frå Førde.

Ho og ei venninne gjekk tur i Fælledparken midt i København og hadde akkurat stoppa for å prate litt då dei høyrde skot.

– Så ser vi bort på kafeen Krudttønnen som er rundt 40 meter frå oss og ser ein mann som står og skyt inn på kafeen. Då begynner vi å lure på kva som eigentleg skjer, fortel Stavø Storkås.

Høyrde fleire titals skot

På kafeen var det eit debattmøte om ytringsfridom. Ein person skyt gjennom vindauga. Ein mann vert drepen og tre politibetjentar såra.

Stavø Storkås som studerer medisin i København tok tak i venninna si i armen og sprang vekk frå staden medan dei bøygde seg ned.

– Så ringde vi 112 med ein gong. Vi var nok ikkje dei einaste som gjorde det. Dei fekk i alle fall sendt ein bil slik at politiet kom veldig kjapt på staden, seier Stavø Storkås som trur dei høyrde rundt 20–30 skot medan dei sprang.

Sprang vekk med ungen sin

Førde-jenta seier dei først ikkje heilt forstod kva som skjedde, men då dei såg mannen som stod utanfor kafeen gjekk det opp for dei at dei måtte kome seg vekk.

Det som gjorde mest inntrykk var at eg såg ein mann som tok ungen sin under armen og sprang alt han kunne vekk frå leikeplassen som låg like ved. Då trur eg alvoret gjekk opp for meg.

Ho følte seg aldri veldig utrygg og trur dei sprang rundt 50 meter før dei stoppa opp og ringde politiet.

Vanskeleg å ta inn over seg

– Det var ein veldig dramatisk situasjon, men den gjekk veldig fort over, så det var vanskeleg å ta det inn over seg i starten.

Stavø Storkås seier det har vore mykje om terroren på nyheitene og natt til søndag høyrde dei mykje sirener og helikopter rundt i byen.

– Vi var jo redde der og då, men eg har fått prata ein del om det, og fordøya hendinga. Så eg er ikkje redd for å ferdast rundt i København no, sjølv om det som skjedde var grufullt, seier ho.