NRK Meny
Normal

Han vil ikkje bli større

SOLVORN (NRK): Trond Henrik Eplet i Solvorn er nøgd med dei turistane han har, og ønskjer ikkje store busslastar til bygda si.

ep+let

NØGD SLIK SOM DET ER: Trond Henrik Eplet er nøgd med Solvorn slik som det er no, og vil ikkje ha mange fleire turistar til bygda.

Foto: Kjellrun Lavik / NRK

– Sør i europa er det mange mindre stadar som har mista all si sjel. Det er så mange turistar der at det ikkje er noko att, seier Eplet.

I den vesle bygda Solvorn i Luster driv han overnattingsstaden Eplet Bed & Apple. I naturskjønne omgjevnader kan ein her overnatte og ete. I hagen er det frukt, og dei leiger ut terrengsyklar heilt gratis.

– Blir ikkje det same her når det kjem store busslastar

Det er ikkje vanskeleg å tenkje seg kvifor turistane strøymer til den vakre staden langs sognefjorden, men Eplet er ikkje interessert i å få veldig mange fleire turistar til bygda.

– Det hender jo at det kjem ganske store busslastar her, og det er ikkje noko kjekk stad å vere då. Det blir altfor mykje folk, og det blir ikkje like spanande for dei besøkjande å vere her.

idyll

IDYLL: På eplet Bed & Apple kan ein telte i hagen

Foto: Commons

Vil ikkje ha cruiseskip

Eplet er altså godt nøgd med den mengda turistar som kjem no til dags. Det kjem heller ikkje cruiseskip til bygda, og det er han også glad for.

– Det er klart at nokon kunne jo ha tent veldig mykje pengar på det om vi hadde fått cruiseskip og store busslastar med turistar her til Solvorn, men det hadde ikkje vore verdt det. Det hadde øydelagd noko av stemninga her i bygda.

På Eplet sin overnattingsstad er det 22 senger, og plass til ein del telt. Til saman kan det på det meste vere rundt 50 gjester, og det er no meir enn nok tykkjer han.

Solvorn

TURISTBYGD: Solvorn i Luster er ei populær turistbygd

Foto: NRK

– Eg starta denne plassen for tolv år sidan, og det har aldri vore noko mål å bli større. Vi er ein liten stad med ein liten hage, og det er det vi ønskjer å ha. Dette er meir ein livsstil enn eit ønske om å tene seg mest mogleg rik.

Gjester som flyktar ifrå turiststraumane

Eplet trur nok at den mindre profilen deira gjer at dei får litt andre turistar enn på dei mest populære turistfellene.

– Her kjem det folk som vil ha noko ekte, og ikkje berre eit sirkus. Vi får nok besøkjande som prøver å styre unna dei store turiststraumane, dei nesten flyktar frå dei største turistmåla.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.