NRK Meny
Normal

Han stolar meir på bankboks enn på den digitale skya

FØRDE (NRK): Han er kunderådgjevar i banken og ivrig fotograf. Sjølv sver Geir Haugen til bankboks for å sikre framtida for bileta han tek.

Kunderådgjevar Geir Haugen i Sparebanken Sogn og Fjordane.

GLAD I I BOKSEN: Kunderådgjevar Geir Haugen stolar ikkje heilt på dei digitale skyene, og tyr til gamlemåten når han skal ta vare på bileta sine.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Færre nordmenn vel å leggje verdisakene inn bak lås og slå i bankane i Norge. Med stadig færre filialar og stadig mindre besøk i banklokala, har bankboksane mista litt av glansen.

Seinast i fjor kvitta til dømes DNB seg med 40.000 bankboksar landet rundt, men også i andre bankar som Sparebanken Sogn og Fjordane merkar dei at interessa er dalande.

Forklaringa på at bruken går nedover er fleire, men kunderådgjevar Geir Haugen trekker fram digitaliseringa og det faktum at mange til dømes tek vare på bileta sine i ei eller anna sky på nettet.

Meiner boks er tryggast

Samstundes ønskjer bankane å kvitte seg med tilbod som dei ikkje tener pengar på.

– Vi skal ikkje oppbevare ting for folk, og det er plasskrevjande. Men vi har såpass mange boksar at vi har noko igjen for det endå. Men i kor lang tid, veit vi ikkje, seier Haugen.

Men sjølv er han glad i bankboksen sin. På fritida dyrkar han foto-hobbyen. For tida har han kring 50.000 bilete lagra i sin eigen, private bankboks. Då kjenner han seg tryggare på at bileta varer til evig tid enn i ei sky, eigd av eit globalt dataselskap.

– Kva som skjer i skya ha vi ikkje kontroll over. Kva om bileta forsvinn? For min del tykkjer eg det er tryggare å ta vare på bileta i ein bankboks enn i skya.

Eirik Solheim

IKKJE SKEPTISK: Eirik Solheim i NRK Beta meiner at digital lagring er trygt.

Foto: NRKbeta

Ikkje samd i at det er utrygt

Teknologirådgjevar Eirik Solheim i NRK er ikkje samd i at det er tryggare med bankboks enn lagring i skya.

– Viss du går til dei veletablerte tenestene vil eg seie det er veldig trygt, seier Solheim.

Han syner til at tenestene er godt sikra med solide backup-system og at det nærast skal vere umogeleg å bryte seg inn.

Derimot åtvarar han folk som lagrar harddiskar eller CD-ar i bankboksar om at teknologien kan verte utdatert når du skal hente ut bileta etter mange år.

I tillegg kan til dømes magnetisme i boksen vere øydeleggjande.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.