Hopp til innhold

Han manar til ungdomsopprør for fritt skuleval

– Vi håpar på eit ungdomsopprør, der politikarane får beskjed om at dei er på villspor.

Martin Jonsterhaug, Vestland FpU

VIL HA FRITT SKULEVAL: – Dersom nokon ønskjer seg vekk for å gå på skule, burde dei få lov til dette, utan at politikarane skal seie nei, seier Martin Jonsterhaug i Vestland FpU.

Foto: Markus Endresen

Det seier fylkesformann Martin Jonsterhaug i Vestland FpU.

I dag vedtok fellesnemnda for nye Vestland fylke at dei vil ha fleire inntaksområde for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane og Hordaland. Ei ordning som liknar ordninga som eksisterer dei to fylka i dag – med tilpassingar i grenseområda.

Inntaksområdet elevane høyrer til bestemmer kva skular dei kan søkje på. Høgre og Framstegspartiet ønskjer eitt felles inntaksområde for dagens to fylke, men dette blei stemt ned.

Jonsterhaug tykkjer det er trist at elevane ikkje får velje heilt fritt kva skular dei kan søkje på i nye Vestland fylke.

– Dersom nokon ønskjer seg vekk for å gå på skule, burde dei få lov til dette, utan at politikarane skal seie nei, seier han.

– Dei elevane i Sogn og Fjordane som kunne tenkje seg å gå på skular i Hordaland, får ikkje moglegheit til det med den ordninga fellesnemnda legg opp til.

Eit krysspress

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) seier det heilt konkrete talet inntaksområde skal opp att som sak ved eit seinare høve. Den nedstemde modellen med berre eitt inntaksområde, har ho ikkje tru på.

– Det kan høyrast forlokkande ut å kunne velje heilt fritt, men det har nokre baksider, særleg for dei svakaste elevane, seier ho.

– Dette reduserer kanskje valfridomen til elevane noko, men sikrar at elevar kan få eit tilbod i nærleiken av der dei bur og held oppe tilbod i distrikta.

Jenny Følling

HAR BAKSIDER: Heilt fritt skuleval har nokre baksider, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp), og viser mellom anna til omsynet til dei svakaste elevane.

Foto: Elise Angell / NRK

Følling viser også til at eitt inntaksområde vil gi ein meir krevjande og mindre føreseieleg struktur. Då vedtaket var gjort tidlegare i dag, omtala ho vektinga mellom dei ulike interessene slik:

– Vi står i eit krysspress for å finne ein god modell, det gjeld elevane sin valfridom og det å sikre eit breitt tilbod, og samtidig vareta eit godt tilbod og interessene til dei svakaste elevane.

Skal på høyring

Jonsterhaug meiner ein bør byggja politikken på kva fleirtalet av elevane meiner fungerer, og heller lage ordningar som gjer at også dei svakaste blir tekne omsyn til.

– Det kan til dømes vere at ein set ei grense for kor langt desse elevane skal reise for å gå på skule. Då kan ein ta omsyn til dei svakaste elevane som ikkje ønskjer å flytte, seier han

Han får støtte frå stortingsrepresentant Silje Hjemdal i Vestland Frp.

– Det er også eit sjølvstendig poeng her, fordi det oppmuntrar til ekstra innsats. Alle elevar kan velje gode skular uavhengig av kor de bor og foreldra sin status og inntekt, seier ho.

Innstillinga blir no sendt ut på høyring, mellom anna til elevråda, ungdommens fylkesting og elevorganisasjonane.

Jonsterhaug håper politikarane snur i saka.

– Vi vil no gå i dialog med andre organisasjonar som støttar synet vårt, seier han.