Hopp til innhold

Han manar kystordførarane til felles kamp

Tidlegare mangeårig leiar i Fiskarlaget i Sogn og Fjordane, Nils Myklebust, manar ordførarane langs kysten til felles kamp for Redningsselskapet sitt distriktskontor i Florø.

Senterpartiet sin ordførkandidat Nils Myklebust

FELLES KAMP: Nils Myklebust (Sp) blir varaordførar i Vågsøy. Han manar ordførarane langs kysten av fylket til felles kamp for distriktskontoret til Redningsselskapet.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Myklebust er svært opprørt over at Redningsselskapet legg ned distriktskontoret i Florø, og flyttar stillinga til Bergen.

Som påtroppande varaordførar for Senterpartiet i Vågsøy lovar Nils Myklebust no kamp. Han ber ordførarane langs kysten av fylket om å stå samla.

– Dette forargar meg, og eg kjem til å ta initiativ for å samle ordførarane langs kysten, fylkesordføraren og Fiskarlaget og be om eit møte med Redningsselskapet, seier han.

Fryktar selskapet sitt arbeid blir svekka

Etter at nyheita om nedlegginga kom i går har fleire uttrykt uro for kva det vil bety for det frivillige arbeidet langs kysten av Sogn og Fjordane.

Styreleiar Olav Steimler har sagt frå seg styrevervet og meldt seg ut av selskapet. Det same har distriktsstyremedlem Bjørn Korneliussen.

Begge fryktar at det frivillige arbeidet i fylket skal bli skadelidande.

– Eg blir oppgitt

Stein Robert Osdal

OPPGITT: Påtroppande Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) meiner Redningsselskapet heller bør samle fleire stillingar i Florø.

Foto: David Haaland
Frida Melvær

UROA: Askvoll-ordførar Frida Melvær (H) seier ho vart veldig uroa då ho høyrde at distriktskontoret i Florø blir flytta.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Initiativet til Myklebust blir godt teke imot hos påtroppande Krf-ordførar Svein Robert Osdal i Selje.

– Eg blir litt oppgitt, og forstår ikkje argumentasjonen deira. Eg håpar dei forstår at dette er ein provokasjon av kystbefolkninga og ber dei tenkje seg om ein gong til, seier Osdal.

Høgre-ordførar Frida Melvær i Askvoll føler på det same.

– Eg deler den uroa som er uttrykt etter at dette vart kjent. Det er viktig at vi i samla flokk prøver å påverke så godt som vi kan. Dette er viktig for alle langs kysten.

Vil halde fram arbeidet som før

Distriktsansvarleg Kristin Wiig Sandnes i Redningsselskapet har sagt at aktivitetane i Sogn og Fjordane vil halde fram som før, heilt uavhengig av om selskapet har ein tilsett i fylket eller ikkje.

– Det at ein har frivillige, betyr ikkje at ein må ha tilsette til stades. Det er mange stader i landet at vi har dyktige frivillige utan at vi nødvendigvis har tilsette i umiddelbar nærleik, sa Wiig Sandnes til NRK i går.

Men Nils Myklebust stolar ikkje på den argumentasjonen.

– Dei som bur ute i distrikta har ein eigen følelse med det som skjer rundt dei. Dei lever i området og har ein heilt anna følelse enn dei vil få frå eit kontor i Bergen. Det handlar om å vere til stades, seier han.

Vil ikkje love noko

Wiig Sandnes seier til NRK.no laurdag at ho gjerne vil møte ordførarane.

– Det er hyggeleg at politikarane i Sogn og Fjordane er opptekne av Redningsselskapet.

– Eg kan love dei at vi skal møtast, men eg kan ikkje love det at dei skal få vere med å bestemme korleis vi skal organisere oss internt i Redningsselskapet. Eg reknar med dei er opptekne av beredskapen, og den vil bli som i dag, seier ho.