Hopp til innhold

Kjelsnes: – Dette kjem veldig overraskande

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) er svært overraska over at Redningsselskapet flyttar distriktskontoret i Florø til Bergen. Ho nektar å sjå slaget som tapt.

Åshild Kjelsnes

TIL KAMP: Åshild Kjelsnes har fått nok ein kamp å kjempe i Sogn og Fjordane. No er det nedlegginga av Redningsselskapet sitt kontor i Florø ho vil stoppe.

Foto: Marianne Rotihaug / NRK

Kjelsnes vart kjent med nedlegginga av distriktskontoret gjennom NRK fredag ettermiddag, og er tydeleg skaka av vedtaket.

– Eg kan ikkje trur at dette er sant. Eg ser det står at dei skal effektivisere og lage miljø for sine tilsette, men eg oppfattar det slik at det som er og har vore i Sogn og Fjordane har vore veldig bra, og då forstår eg ikkje kvifor ein skal endre ein funksjon som fungerer, seier fylkesordføraren oppgitt.

Fryktar for tryggleiken

Styreleiar i Redningsselskapet Sogn og Fjordane, Olav Steimler, fekk beskjeden om at kontoret i Florø blir flytta til Bergen via epost i går. Han er svært uroa og fryktar det frivillige arbeidet her i fylket vil bli skadelidande.

Han har i dag trekt seg frå styrevervet og meldt seg ut av selskapet.

– Eg vil ikkje vere del av dette. Distrikta treng nærleik, og Sogn og Fjordane treng folk som kan Sogn og Fjordane frå inste til ytste. Vi veit det er langt frå Bergen til Stad, og vi veit at Bergen allereie er underbemanna, seier Olav Steimler.

Kjelsnes deler Steimler si uro.

– Eg fryktar dette skal føre til ein svekka tryggleiksteneste for Sogn og Fjordane. Nærleik og lokalkunnskap er veldig viktig, seier Kjelsnes som meiner det må bli meir tungvindt når dei administrative funksjonane blir flytta vekk frå fylket.

Lovar at aktiviteten blir den same

Endringane er allereie vedtekne i Redningsselskapet, og dei håpar å få innføre dei frå nyttår.

Distriktsansvarleg i Redningsselskapet, Kristin Wiig Sandnes, beklagar at Steimler har meldt seg ut, men lovar at selskapet skal halde fram aktivitetane i Sogn og Fjordane.

– Det at ein har frivillige, betyr ikkje at ein må ha tilsette til stades. Det er mange stader i landet at vi har dyktige frivillige utan at vi nødvendigvis har tilsette i umiddelbar nærleik, seier Wiig Sandnes til NRK og held fram.

– Det handlar om å organisere seg, og vere til stades. Dei som jobbar på kontoret i Bergen må reise til Sogn og Fjordane. Vi skal framleis ha aktivitetane i Sogn og Fjordane, seier ho og nemner både Elias-båten, sommarleirar, førebyggande arbeid og eit planlagt sommarkontor.

Vil ha møte med Redningsselskapet

Kjelsnes på si side har ikkje tenkt å gje opp kampen enno.

– Fylkesutvalet skal ha møte på onsdag, og eg kjem til å ta dette opp der. Eg trur faktisk eg også vil be om eit møte med leiinga i Redningsselskapet for å bli betre informert.

– Eg kan ikkje med min beste vilje forstå at dette er til det beste for folk i Sogn og Fjordane, seier ho.