Han har god grunn til å smile

Sogn og Fjordane Energi har aldri før tent så mykje pengar som no. Årsresultatet for 2017 viser at energiselskapet hadde eit overskot etter skatt på 193,3 millionar kroner. – Vi skal gle oss over det, og takke alle dei tilsette som har bidrege. Vi er avhengige av å skape gode resultat, for å leggje eit godt grunnlag for vidare vekst og avkastning til eigarane våre, seier konsernsjef Johannes Rauboti.

Johannes Rauboti, konsernsjef SFE
Foto: Eikeseth Nygjerd Fotografi
Vegopning på Bergum i Førde kommune