NRK Meny
Normal

Professor forstår godt at politikarane ikkje klarer å bestemme seg for ja eller nei til gruvedrifta

Økonomiprofessor Finn Førsund forstår godt at politikarane ikkje klarer å bestemme seg om gruvedrifta i Vevring i Naustdal.

Professor i samfunnsøkonomi, Finn Førsund, ved UiO.

MANGLAR: Professor Finn Førsund ved Universitetet i Oslo etterlyser samfunnsøkonomiske utgreiingar av ei gruvedrift i Vevring.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Finn Førsund er professor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Oslo, og peikar på sviktande og manglande dokumentasjon av både bedriftsøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønnsemd.

Gruveselskapet Nordic Mining har planar om gruvedrift som kan gje 300 arbeidsplassar i Vevring. Planane involverer også eit fjorddeponi for gruveslam.

– Ein har ikkje forsøkt i nokon av dokumenta å setje miljøkostnader opp mot eventuelle bedriftsøkonomiske inntekter, seier han.

– Ikkje tilfredsstillande

Førsund gjesta laurdag arrangementet «Framtid for Fjorden» i regi av Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe, Naturvernforbundet og Natur og Ungdom.

Kring 200 personar tok turen til Vevring der mat frå Førdefjorden, song ved Thea Hjelmeland, kunstinnslag, hovudappell frå Johs B. Thue og debatt stod på programmet. I tillegg til professor Førsund frå Oslo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Matbordet i Vevring

TOMT: Maten frå Førdefjorden fekk bein å gå på etter at den hamna på serveringsfatet.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg tykkjer ikkje dokumentasjonen av dei samfunnsøkonomiske følgjene er tilfredsstillande vurdert i dei dokument som ligg føre, seier han.

Utsette saka

Det har vore skrive fleire rapportar frå ulike hald, og konklusjonane er like sprikande som politikarane.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) har utsett saka, med ei rekkje krav til nye utgreiingar . Også Førsund meiner dokumentasjonen er manglande, både på privatøkonomi og samfunnsøkonomi.

– Politikarane treng å vite akkurat det eg treng å vite. For det første kor korrekte er dei privatøkonomiske utrekningane, kor mykje uvisse er det teke omsyn til? Prisane på råstoff kan svinge veldig, men det er ikkje inne i prosjektet, seier Førsund.

(Artikkelen held fram under biletet)

Thea Hjelmeland

SONG: Thea Hjelmeland hausta stor applaus for sin song for Førdefjorden.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Interessant sak

– Spesielt kan prisane på råvarer svinge veldig, det er ikkje inne i prosjektet. Så har du sjølve den teknologiske kjerneprosessen der metallet skal skiljast ut frå malmen. Så vidt eg har sett, så er den ikkje gjennomført i fullskala nokon stad, men på eit laboratorium på NTNU, seier han.

Sjølv har ikkje Førsund sterke meiningar om gruveplanane, men han tykkjer saka er interessant.

– Det største problemet er korleis ein kan verdsette karakteren til eit bygdesamfunn. Den kan ein ikkje setje kroner og øre på, så det blir eit spørsmål om å velje bevisst ei utviklingsbane for eit lokalsamfunn, seier professoren og legg til:

– Korleis vege opp?

– Men kven skal gjere det? Er det storsamfunnet? Er det lokalsamfunnet ved eit fleirtal i kommunestyret? Det tykkjer eg er eit interessant demokratisk spørsmål.

Vibeke Johnsen

HOPPA I DET: Vibeke Johnsen hoppa i Førdefjorden – for Førdefjorden.

Kommunestyret i Naustdal har allereie sagt ja til planane. Det same har også Askvoll kommune gjort. Andre utgreiingar talar derimot både for og mot.

Førsund etterlyser svar på eitt konkret spørsmål:

– Korleis skal miljøforverringar og øydeleggingar vegast opp mot inntekt på gruvedrift.

– Kan gjere grep

Dette er svar som heller ikkje SINTEF har kunne svare på i sine vurderingar av saka.

Sjølv meiner Førsund styresmaktene bør sjå nærare på om ytterlegare reguleringskrav kan redusere eventuelle negative følgjer ved fjorddeponi.

Vilde Nena Aarseth

TRIST: Vilde Nena Aarseth (6) likar å fiske i Førdefjorden og tykkjer det er trist om gruva kjem.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– For det er nok at det skjer noko gale ein gong. Då er løpet køyrt. Vi veit når smolten går ut, og veit at den sym høgt. Utslippet er nede, men vi veit at støv kjem til overflata. Kvifor ikkje ta fellesferie når smolten er på veg ut, seier han og legg til at dette i så fall er føringar som må kunngjerast på førehand så gruveselskapet kan ta omsyn til dei i sine kostnader.

Nøgde med oppmøte

– Ein annan ting er sprenginga. Fisken blir uroleg og kan presse mot merdar. Kan ein gjere dette ei tid på døgnet der fisken ikkje blir så skremd? Eg trur det er ting ein kan gjere sjølv om ein får sett i gang med gruva, seier han.

Anne-Line Thingnes Førsund er med i arrangørstaben og er godt nøgd med programmet dei har fått til når det no er kring 100 dagar att til valet. Mange tilreisande også frå andre delar av fylket.

– Godt over 200 gjester i det vi kallar skikkeleg sunnfjordsk skitvér, er bra. Eg blir mest rørt over at det kjem så mange for å vise at fjorden er viktig, seier ho.

Gir ikkje opp

For lokalbefolkninga har ikkje gjeve opp kampen mot fjorddeponi, sjølv om miljøvernministeren har gjeve eit førebels nei.

– Det er snakk om 11 tonn gruveslam kvart minutt av timen, dag og natt i 50 år. Og regjeringa har slått fast at kunnskapsgrunnlaget ikkje er godt nok til å fatte eit vedtak, seier ho.

Jostein Vesterås tok turen frå Værlandet. Han meldte seg like godt inn i Natur og Ungdom då han vitja Vevring. Han støttar kamplysta i den vesle bygda.

Støttar Vevring

Jostein Vesterås og Angelica Hansen

STØTTAR: Jostein Vesterås (t.v.) og Angelica Hansen.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Eg kjem frå eit øysamfunn der fiskeri er ein stor del av det vi driv med, og det er ganske kjipt å sjå havlivet forsvinne meir og meir, seier han og får støtte frå Angelica Hansen.

Ho fryktar også følgjene av eit fjorddeponi.

– Det er alt for mykje dyremangfald som vil døy ut og bli skadd av deponiet, seier ho.

Viktig engasjement

Sveinung Rotevatn

VENSTRE: Sveinung Rotevatn.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

Ein annan som tok turen til Vevring var Venstre sin førstekandidat til haustens stortingsval, Sveinung Rotevatn.

– Politikarane er stille og saka er ikkje løfta opp i nokon viktige nasjonale organisasjonar, men det lokale engasjementet er enormt. Eg trur det er det folkelege engasjementet som har løfta saka, og som har gjeve dei ein mellombels siger gjennom utsetjinga, seier han.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen