Han er framleis imot ølsal i butikk

FØRDE (NRK): – Med auka tilgang til øl, aukar forbruket. Med auka forbruk, aukar problema, seier Harald Munkvold som er ruskoordinator i Helse Førde.

Harald Munkvold

VIL HA ØLMONOPOLET ATTENDE: Rusmiddelkonsulent Harald Munkvold er framleis motstandar av øl i butikk.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

For Coop Mega i Førde har ølsalet utgjort tre prosent av det totale salet i butikken til no i år.

– Det er blitt svært populært, seier butikksjef Rakel Sunde.

Heilt fram til 2012 hadde Førde eige ølmonopol, men no kan ein kjøpe ølet sitt i alle daglegvarebutikkar i byen. Allereie året etter at ølet kom i butikk, hadde ølsalet auka med 100.000 liter. Samstundes gjekk ølsalet ned i nabokommunane Jølster og Gaular, for Naustdal manglar det tal.

Feil signal

– I butikk er det meir ope og tilgjengeleg, seier ruskoordinator Harald Munkvold.

Munkvold var ein av dei som var mest skuffa over at ølet kom i daglegvarebutikkane. Han meiner det sende feil signal til folk.

– Dette er ei måte å fortelje folk at øl høyrer til, og at alkohol er ei alminneleg vare på lik line med ost og juice, seier Munkvold.

Fire år seinare er Munkvold framleis sterk motstandar av ølsal i butikk, og meiner at nedlegging av ølmonopolet var spesielt uheldig for dei som slit med alkolavhengigheit.

– Vi som driv med behandling, har er fart at nokre pasientar har forlenga drikkeperiodar fordi dei har lettare tilgang, seier Munkvold.

Vil ha ølpolet attende

Motstandarar mot butikksal er, og var mange. Som eit kompromiss vart ølet sett i eigne av avlukke, då ølet kom i butikkane. Salstidene er også kortare enn i resten av landet.

Lege og Arbeidarparti-politikar, Einar Solheim, hadde helst sett at ølmonopolet kom tilbake, og ikkje berre av omsyn til dei rusavhengige.

Einar Solheim

MOTSTANDAR AV BUTIKKSAL: Arbeidarpartipolitikar og lege Einar Solheim fryktar at alkoholforbruket i Førde vil auke monaleg i åra framover.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK

– Dei som er alkoholikarar, og som allereie har eit stort forbruk, er smarte nok til å ordne seg slik at dei får tak i alkohol. Når det gjeld førebygging så gjeld det vanlege folk som er måtehaldne, men som eg trur sakte med sikkert kjem til auke forbruket sitt ved at dei heile tida vert eksponert for alkohol, seier Solheim.

Ved Coop Mega meiner Sunde at det ikkje er noko stort problem.

– Eg trur nok at dei misbrukar alkohol for tak i øl uansett, anten det er i butikk eller på eit monopol. Det er ikkje ofte eg ser kundar som kjøper kassar eller fleire brett med øl, seier Sunde.

Rakel Sunde

POPULÆR ØL: For butikksjef Rakel Sunde og Coop Mega i Førde utgjer ølsalet no tre prosent av totalsalet.

Foto: Marte Iren Noreng Trøen / NRK
Atle Steinar Solheim vart overraska med nyheita om at han er ein av fem nominerte
Over 80 barn var samla på Jølstraholmen for å tjuvstarte adventstida med pynting av pepperkakehus.
Å levera lekser på nett er ikkje lett når internett-tilgangen er dårleg. 
Men det ER realiteten for mange skuleelevar i distrikta. 
Skilnadane er store, trass i at bruk av data får ein stadig større plass i skulen.