Hopp til innhold

Fosse Fardal frå SV vart tunga på vektskåla i ølmonopoldebatten

Ole Fosse Fardal frå SV vart tunga på vektskåla då Førde bystyre i dag gjekk inn for å leggje ned ølmonopolet i Førde. Hovudpersonen sjølv skulle gjerne sett at situasjonen var annleis.

Ole Fosse Fardal

TUNGA PÅ VEKTSKÅLA: Ole Fosse Fardal (SV) skifta side i tolvte time, då han vart tunga på vektskåla i ølmonopoldebatten.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Det kjennest uvant. Eg skulle helst sett at fleirtalet var større, slik at eg hadde sluppe å vere tunga på vektskåla, seier Ole Fosse Fardal.

Det enda med knappast mogleg fleirtal i Førde bystyre, med 14 mot 13 stemmer. Før bystyremøtet var det venta eit knapt fleirtal for ei fortsetjing av ølmonopolordninga, men Fosse Fardal ville det annleis.

– Det som skjedde mellom levekårskomitémøtet og bystyremøtet er at eg har diskutert saka med min venekrets, foreldre, slektninga, og har fått inn ein del nye synspunkt. Dette har eg valt å leggje meir vekt på, seier han, og held fram:

– Men det satt lang inne. Ingenting var sikkert før eg reiste meg. Dei tidlegare argumenta mine heldt ikkje. Eg kunne ikkje sjå at det var ein automatisk samanheng med sal av alkohol i butikk og alkoholproblem i samfunnet, avsluttar han.

Lang debatt – spanande slutt

Bystyremøtet tok til klokka 10 torsdag, og ølmonopolsaka var lagt til slutt. Talarlista var lang, og før bystyremøtet var det venta ein jamn debattkamp. Møtet varte i nesten fem timar, og berre handsaminga av ølmonopolsaka varte i over to timar. Dermed vart det ein spanande slutt med ei votering med knappast mogleg resultat.

Fosse Fardal sa under hans tid på talarstolen at han ikkje var sikker på kva han skulle stemme.

– Eg er usikker på kva som faktisk er det beste. Men eg ynskjer at butikkane skal fylgje vinmonopolet sine tider, sa han då, før han altså stemte imot ølmonopolet.

Einar Solheim (AP) meinte ølpolet er eit utmerka tiltak for å avgrense alkoholsalet i Førde. Han meinte det var ufornuftig å auke utsalsstad frå to som i dag, ølpol og vinmonopol, til seks stader, dersom målet er redusert alkoholsal.

– Det er ikkje mange som har øl på handlelista. Mykje av salet, er spontanhandel, sa Solheim og meinte terskelen for å kjøpe øl vil bli høgare med eit ølpol.

– Folket ynskjer ikkje ølpolet

Bård Eikeset (H) debatterte mot eit framhald av ølmonopolet, og meinte at ein gjennom salsløyve kan leggje restriksjonar på salet. Han viste også til avrøystingar på Firda.no og NRK.no, der kring 85 prosent vil avvikle ølpolet.

– Rett nok er ikkje dette vitskapelege undersøkingar, men det er klare signal om at dette ikkje er ynskt, sa Eikeset.