Hopp til innhold

Han er ein av fleire aktuelle signeringar

SOGNDAL (NRK): Trenar Eirik Bakke spår ein tøff haust for Sogndal. Den nigerianske kantspelaren Felix Obada er ein av fleire kandidatar til å styrke troppen og opprykksjansane.

Felix Obada spelar for Sogndal i treningskamp

NYTT FJES: Sogndal ser seg om etter spelarar som kan styrke sjansane for opprykk. I treningskampen mot Førde i går fekk prøvespelaren Felix Obada sjansen til å vise seg fram.

Foto: Rune Fossum / NRK

Laget leiar førstedivisjon med fem poeng. Men skadar, karantenar og eit tøft kampprogram gjer at Bakke & Co er på utkikk etter forsterkingar.

– Vi veit det blir kamp til siste slutt. Då må vi ha ein tropp som gjer at vi kan vere i toppen. Vi er alltid på utkikk etter spelarar, men dei typane som kjem inn må vere dei rette, seier Bakke.

Slit med mange skadar

For tida er nigerianske Felix Obada på prøvespel. Han har mellom anna vore tre år i Premier League i Sør-Afrika. I treningskampen mot Førde i går fekk han eit innhopp, dagen før fekk han nitti minutt for andrelaget.

– Han er ein fin type som heilt sikkert kan spele på dette nivået. Så får vi berre sjå om han er rett mann for oss, seier Bakke.

Felix Obada varmar opp

AKTUELL: Kantspelaren Felix Obada er på prøvespel i Sogndal. Her varmar han opp under treningskampen mot Førde i går.

Foto: Rune Fossum / NRK

Alt i alt er han nøgd med troppen slik den er i dag. Men skadeproblem tvingar dei til å sjå etter alternativ.

Ulrik Flo, Robin Shroot, Eirik Skaasheim, Bjørn Inge Utvik og Lars Christian Kjemhus har alle slite med skadar i ferien. Ruben Holsæter og Kristoffer Ryland treng begge tid for å kome i form etter lange avbrekk.

– Troppen når alle er fullt tilbake blir bra, men vi er alltid ute etter å forsterke oss. Så det kan hende det kjem inn ein eller to nye. Og så håper vi å behalde dei vi har, seier Bakke.

Forventar ein tøff haust

I sommar signerte dei Peter Aase frå Florø, men Bakke trur ikkje han er klar til å gå rett inn i førsteellevaren.

– Han er ein spelar vi kan bruke, men han treng tid til å komme inn i vår måte å spele på. Men utover sesongen og i åra som kjem er han ein spelar eg trur vi vil få mykje glede av, seier Bakke.

I august ventar seks kampar. Avslutninga på vårsesongen, med tre strake uavgjortkampar viser at det ikkje blir nokon parademarsj mot eliteserien for Sogndal.

– Det blir ein tøff haust for alle. Vi ligg bra an og så har vi nokon som jaktar bak oss. Jobben vår blir å halde dei på avstand, seier Bakke.