Hopp til innhold

Han brukar sjukehuset som øvingsstad for sekkepipa

FØRDE (NRK): Den danske augelegen forelska seg i sekkepipa då han høyrde den for første gong som 12-åring. Etter 40 år hadde han endeleg sitt eige instrument i hendene, og det får pasientar i Førde merke.

Augelege ved Førde sentralsjukehus brukar all fritid på sekkepipe. Mykje av øvinga skjer ved sjukehuset.

SJÅ VIDEO: Augelegen dyrkar hobbyen sin når og kvar det måtte vere. – Sekkepipe er verda finaste instrument, meiner Peder Koch Jensen.

– Eg får gode reaksjonar, men nokre gonger får eg kjeft. I helga fekk eg kjeft fordi dei høyrde det heilt opp i 4. etasje. Då gjekk eg bort på psykiatrisk, for der er ikkje folk på kvelden, seier Peder Koch Jensen med eit smil.

Sjølv om han elskar det massive blåseinstrumentet, så forstår han at kanskje ikkje alle har eit like nært forhold til sekkepipa som han. Det tok han 46 år å skaffe seg ei sjølv, og no har han øvd i fire år.

Peder Koch Jensen er både augelege og sekkspipeentusiast på sin hals.

INTERESSE: Sekkepipe er augelege Peder Koch Jensen sin store lidenskap. Han har også ei elektronisk sekkepipe der han berre kan plugge inn øyretelefonar og spele med fingrane i lause lufta. Eit syn som også vekkjer undring hjå dei fleste.

Foto: Borgar Sagbakken

– Det gjekk eit halvt år før eg fekk lyd ut av den. Og over eitt år før eg kunne spele i meir enn 20 sekund. Eg er fornøgd med standarden no, det kunne vore betre, men det kunne vore mykje verre, humrar den danske augelegen.

Krevjande å finne eigna øvingslokale

Til vanleg bur han i Danmark der han er med i eit 15-manns stort sekkepipeorkester. Han arbeider også som augelege ved Førde sentralsjukehus. Og sekkepipa er med. Uansett. For øve det må han. Å finne ein eigna øvingsstad for instrumentet som kan blåse ut tonar på 120 desibel er ikkje berre enkelt.

– Ein må øve kvar dag. I Danmark bur eg i eit isolert hus ved havet. Her i Førde får eg positiv respons når eg speler under brua eller i Angedalsfossen. Då stiller folk seg opp i rad og rekkje og klappar etterpå, sjølv om det berre er øving.

For at lyden ber godt er det ikkje tvil om.

Cecilie Utne let seg imponere over sekkepipespeling på sjukehuset

IMPONERT: Cecilie Utne meiner det er fint med musikalske innslag ved Førde sentralsjukehus, også sekkepipeøving.

Foto: Borgar Sagbakken

– Nydeleg! Vi høyrde han heilt opp i 8. etasje, det var veldig bra. Vi treng litt påfyll av god musikk, seier Cecilie Utne, når NRK møter ho på Førde sentralsjukehus.

Angrar også på spelinga

Også arbeidskollegaene til augelegen ser positivt på musikken som dansken bidreg med.

– Det er eit friskt innslag i ein ordinær arbeidsdag. Men vi kan ikkje la han plage folk for mykje då, seier Odd Arne Standal, avdelingssjef for Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus.

– Det varmar hjartet å få positiv respons. Det er sjeldan eg får kjeft, men det skjer jo. Og då tenkjer eg gjerne at uff, nei det burde eg ikkje gjort.

Ein pasient som hadde høgt trykk på auga meinte også at det var sekkepipespelinga til Jensen som hadde fjerna trykket og gjort ho betre. Det har han vanskeleg for å tru på sjølv.

– Eg trur ikkje nødvendigvis sekkepipa har gavnande effekt på sjuke menneske, men det hadde vore artig å prøve, seier legen.