Hopp til innhold

Han blir NRK-sjef for Vestlandet

Kai Aage Pedersen (50) er i dag tilsett som regionredaktør for NRK Vest, som omfattar distriktskontora i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland.

Kai Aage Pedersen

NY JOBB: Distriktsredaktør Kai Aage Pedersen i NRK Sogn og Fjordane blir no sjef for NRK Vest.

Foto: Rune Fossum / NRK

Pedersen kjem frå stillinga som distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane – ei stilling han har hatt i to periodar. Han har også vore utviklingssjef i distriktsdivisjonen i NRK med ansvar for nett og mobil, og han har erfaring som redaktør i avisbransjen.

– Dette er ein av mest krevjande, men også blant dei mest spennande mediejobbane på Vestlandet. Distriktskontora i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane utgjer ein fantastisk region med store moglegheiter, seier han.

Skal løfte NRK inn i spennande framtid

Han blir øvste leiar for NRK Vest som skal ha hovudsete i Bergen. Han skal blant andre ha distriktsredaktørane på dei tre distriktskontora i si leiargruppe.

– NRK Vest har tre svært oppegåande distriktskontor som leverer varene også i dag. Men eg har tru på at det er endå meir å henta. Vi skal setja innovasjon i system, og ha raske, kreative prosessar, seier Kai Aage Pedersen.

I lag med regionredaktørane i Nord, Midt, Sør og Aust skal han sitje i den strategiske leiargruppa til direktøren for distriktsdivisjonen. Distriktsdirektør Grethe Gynnild-Johnsen meiner den nye regionredaktøren har ein variert bakgrunn som gjer han godt rusta til å løfta NRK Vest inn i ei spennande framtid.

– Eg er glad for at NRK Vest no har fått ein leiar med spissa digital kompetanse. Pedersen er ein strategisk leiar som trivst god i endringsprosessar. Det treng NRK, seier Gynnild-Johnsen.

Skal gjere endringar raskare

NRK har i dag tilsett fire av fem i dei nyoppretta stillingane som regiondirektørar i NRK. Regionredaktørane blir del av den strategiske leiinga Distriktsdivisjonen.

• Region Nord: Anders Opdahl
• Region Midt: Sigrid Gjellan
• Region Vest: Kai Aage Pedersen
• Region Sør: Heidi Pleym

Kven som blir tilsett i Region Øst, er klart om kort tid.

– Gjennom desse regionredaktørane har vi fått på plass leiarar som er utolmodig ambisiøse på vegner av distriktskontora. No skal vi arbeide hardt for å ta breiare plass i nyheitssendingar og med programskaping i verdsklasse frå norsk verkelegheit, seier ein nøgd direktør for Distriktsdivisjonen, Grethe Gynnild-Johnsen.

Den øvste leiargruppa i Distriktsdivisjonen blir med regionaliseringa halvert til ti leiarar.

– Distriktsdivisjon i NRK skal lage innhald av høg kvalitet frå heile landet, til heile landet, på alle plattformer. Vi skal vere nære, raske og tydeleg til stades ved hendingar regionalt og nasjonalt. Ei mindre leiargruppe gjer oss i stand til å ta avgjerder og gjennomføre endringar raskare, seier Gynnild-Johnsen.