Hopp til innhold

Han blei møtt med jubel hos skognæringa

EIKEFJORD (NRK): Skognæringa blomstrar, og nøkkelen til større suksess er betre infrastruktur. Den nøkkelen er regjeringa i ferd med å vri om, meiner næringa sjølv.

Landbruksminister Jon Georg Dale

LOVAR SATSING: Landbruksminister Jon Georg Dale besøkte mellom anna tømmerkaia i Eikefjord under sitt besøk i Sogn og Fjordane tysdag. Han hadde attpåtil på seg ein gensar der det stod 'I love skog'.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Medan oljenæringa slit, ser skognæringa no optimistisk på framtida, etter ei lang tid med nedlegging av skogindustri. Ein kortare og billegare veg mellom skogen og industrien kan løyse ut eit stort ubrukt potensiale, meiner næringa.

Då landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) møtte representantar frå skognæringa på tømmerkaia i Eikefjord, fekk han ros frå alle kantar. Og det på ei kai under utbygging, som regjeringa har lova inntil 14,5 millionar kroner til.

– Dagens regjering har satsa på å forbetre skogsvegane og tømmerkaiene, så at landbruksministeren kom hit til Eikefjord er vi veldig glade for, seier prosjektleiar Helge Kårstad i Kystskogbruket, eit samarbeid innanfor heile skognæringa langs kysten.

– Stor optimisme i næringa

Han fortel at det er aukande satsingsvilje i næringa, både for skoghogst og industri. Men for å sikre utviklinga er billegare transport avgjerande, slår han fast.

– Det er omtrent ti gonger billegare å transportere tømmer på sjø enn på land. Det blir jobba for å få meir skogindustri, og kaiene gjer at transportkostnaden fram til industrien vi har i Norge blir mindre, men også at vi kan etablere ny industri, seier Kårstad.

Jon Georg Dale og Helge Kårstad

SAMDE: Landbruksminister Jon Georg Dale og Helge Kårstad i Kystskogbruket.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

Framfor dei kring 40 frammøtte lova landbruksministeren at regjeringa vil halde fram å satse på skognæring. Og infrastruktur er viktig for å kunne halde på verdiskapinga av tømmer her i landet, meiner statsråden, som til hausten legg fram skogmeldinga.

– Skal vi ha ei skognæring i Norge, noko eg meiner vi skal, så treng vi å styrke konkurransekrafta. Det kan staten bidra med først og fremst gjennom tiltak på infrastruktur, seier Jon Georg Dale.

Krevde meir til investering

Landbruksministeren vart møtt med tøffare krav i Naustdal. Der besøkte han den splitter nye mjølkefjøsen til Steffen Mathias Veien. For mjølkebonden har investeringa vore avgjerande for å halde fram med gardsdrift.

– Eg håpar han tek med seg at det trengst meir investeringsmidlar sånn at eg slepp å vere åleine som bonde her i Naustdal og andre plassar i fylket, seier Veien.

Landbruksminister Jon Georg Dale i Naustdal

NY FJØS: Landbruksminister Jon Georg Dale besøkte bonde Steffen Mathias Veien i den nye fjøsen. Både mjølkebonden og fylkesleiaren i Bondelaget, Anders Felde, håpar fleire får sjansen til å investere.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

For allereie etter dei to første månadane var årets investeringspott til landbruket brukt år. Både fylkesleiar i Bondelaget, Anders Felde, Naustdal-ordførar Håkon Myrvang og bonden sjølv la vekt på at investeringspotten må aukast meir enn den allereie er gjort.

– Det er framleis store utfordringar for å komme opp på eit nivå som gjer at alle som vil investere i jordbrukssektoren får pengane så raskt som mogleg, men samstundes så er det eit uttrykk for at det er stor optimisme i jordbruket, og det er viktig, seier Dale.