Hopp til innhold

Norges største sagbruk kan byggjast i Gulen

Vestlandet har nok skog og ligg nært nok den store Austersjø-marknaden til å byggja eit gigantsagbruk, seier ny rapport, og beste plassering er Gulen eller Nordhordland.

Sagbruket Bergene Holm AS Nesbruket i Mosjøen

LIV LAGA: Eit sagbruk som skjer 300000 kubikkmeter tømmer i året per skift, og som har to eller tre skift, kan vera liv laga. Gulen og Nordhordland kan vera aktuelle til å husa slik tremekanisk industri, slår ny rapport fast. Illustrasjonsfoto.

Foto: Frank Nygård / NRK

I skogane i dei fire vestlandsfylka blir det hogge meir enn dobbelt så mykje tømmer i dag som for berre fem år sidan.

Store mengder hogstmoden skog òg i tiåra som kjem gir grunnlag for eit gigantsagbruk i vest, slår ein ny rapport frå Treteknisk institutt fast.

– Det skal vera lønsamt, mogleg å få til, og der finst nok råstoff, seier dagleg leiar Kjetil Andre Rødland i Vestskog, samvirkeorganisasjon for skogeigarane i Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane.

«Spenstige saker»

– Dette er spenstige saker. Eit sagbruk som skjer 300000 kubikkmeter tømmer i år per arbeidsskift vil med to skift bli det største anlegget i landet, seier Rødland.

På Vestlandet skal det frå 2020 hoggast 1-1,5 million kubikkmeter tømmer kvart år i tretti år framover.

Martin Braanaas Kleppe

EI NÆRING I VEKST: Martin Braanaas Kleppe starta Sunnfjord Skog i 2012. Då var dei to tilsette. I dag er dei fem. Og neste år må Kleppe truleg tilsetja fleire.

Foto: Bård Siem / NRK

For å få billegast sjøtransport til eit framtidig sagbruk og eksport vidare ut til marknaden rundt Austersjøen, peikar kystkommunane sør for Sognefjorden – Gulen, Austrheim, Lindås, Radøy og Øygarden – seg ut, seier rapporten:

– Dette området ligg nært den store arbeidsmarknaden i bergensområdet og har allereie omfattande industri, som raffineria på Mongstad og andre industriverksemder, seier Rødland.

Rapporten legg òg vekt på at eit sagbruk kan skapa treindustrielle næringsklyngjer.

Stort volum og milliardinvestering

I dag blir dei fleste tømmerstokkane sende på skip ut av landet, til store sagbruk i Tyskland og Sverige. Eit nytt vestlandssagbruk er viktig for å få meir pengar ut av kvar stokk på norsk jord.

Carsten Doehring

TYSK STORIMPORTØR: Store delar av tømmeret frå Sogn og Fjordane blir kjøpt opp av denne karen, Carsten Doehring, dagleg leiar i det store tyske sagbruksselskapet Ilim Nordic Timber.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

– Skal det går rundt, må minst 300000 kubikkmeter tømmer skjerast per arbeidsskift i året, og saga må vera i gang store deler av døgnet, seier Carlos Myrebøe, rådgivar i Treteknisk institutt.

Eit anna avgjerande punkt er å tena pengar på biprodukta flis, bork og spon.

Men den verkeleg store bøygen vil vera å skaffa nok pengar og folk som kan denne typen tremekanisk industri.

– Me nærmar oss fort milliardinvesteringar. Me må difor finna miljø som er villige til å gjera eit slik løft for vestlandsskogbruket. Me kan håpa på at det ser betre ut no når olja er på veg nedover, seier Rødland.

Sylvi Listhaug opnar tømmerkaien på Kaupanger.

VIDAREFOREDLING: – Norge må skapa nye verksemder som kan bruka tømmerstokkane, sa dåverande landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) då ho opna ny tømmerkai i Kaupanger i mars.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Klimaavtalen – godt nytt

Det som kan tala til fordel for eit gigantsagbruk sør for Sognefjorden, er at etterspurnaden etter miljøvenlege byggjevarer er veksande. Dette saman med den nye klimaavtalen frå Paris gagnar skogsnæringa, seier Myrebøe ved Treteknisk institutt:

– Trelast er skog, og skog er eit resirkulerbart materiale. Det slepp ut lite karbon i produksjonen, det blir relativt mykje karbondioksid, og det fungerer som karbonlager i lang tid. Set du opp eit bygg i tremateriale, ligg karbonen lagra der så lenge bygget står.