Hopp til innhold

Han åtvarar mot bieparasitt

For første gong er bieparasitten Varroamidd påvist i Sogn og Fjordane. Parasitten vart funnen på bier som er flytta til Sogn og Fjordane i strid med regelverket.

Rune Myklatun

- ALVORLEG SAK: Avdelingssjef Rune Myklatun i Mattilsynet.

Foto: Marion Solheim / NRK

Mattilsynet ser alvorleg på saka. Biene det gjeld er avliva og destruerte. Det er forbode å flytte bier frå regionar med varroamidd til regionar som ikkje har denne parasitten, seier avdelingssjef Rune Myklatun i Mattilsynet.

– Det er uhyre viktig at alle som driv med birøkt set seg inn i og følgjer regelverket for birøkt, slik at vi kan hindre spreiing av smittsame biesjukdomar. Her har kvar enkelt birøktar eit viktig ansvar.

Det var ein birøktar i indre Sogn som flytta bier frå Hordaland til sine eigne bikuber, seier Myklatun.

– Flyttinga har dessverre skjedd i strid med regelverket, og det er veldig beklageleg.

Når Mattilsynet har fått rydda opp i situasjonen kan birøktaren vente seg reaksjonar.

Store konsekvensar

Varroainfeksjon har store konsekvensar. Midden fører til sjukdom og død hjå biene. For birøktaren fører midden til nedsett honningproduksjon, meir arbeid og auka utgifter. Men den går ikkje ut over kvaliteten på honningen.

Parasitten er heller ikkje farleg for menneske. Den går berre på bier.

Parasitten er vanskeleg å oppdage den første tida etter smitte. Dei første to åra kan det vere få eller ingen ytre teikn på at noko er gale. Myklatun ber om at folk melder frå til Mattilsynet om dei har mistanke om smitte.

Mattilsynet jobbar vidare med å kartleggje eventuell smittespreiing i fylket.

– Biene blir avliva og bikubene desinfiserte, men det er ein risiko, for parasitten kan spreie seg relativt lett mellom bier og bikuber, seier Myklatun.