Hopp til innhold

Sette summing i hagane på dagsorden

Dei blir rekna som pest og ein plage av mange, men både humler og bier spelar ei viktig rolle for flora og fauna. Og no blir dei færre ...

Førde Hagelag hadde biene på programmet.

SUMMING: Førde hagelag, Naturvernforbundet og humleekspert Atle Mjelde (t.h.) vil ha meir summing i hagane.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sprøytemiddel, sjukdomar og endringar i plantelivet gjer at vi har færre av inntektene no enn før.

Det er ikkje i Norge mangelen er størst. Problemet er verdsomspennande.

– Vi har sett over lang tid at humlebestanden rasar. Det gjeld i alle verdsdelar og i alle land, seier humleekspert Atle Mjelde.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

Hagelaga engasjerer seg for å få dei naturlege blomsterengene attende. Dei siste åra har det blitt dramatisk færre bier og humler. Ein av dei viktigaste årsakene til det er at næringsgrunnlaget deira er i ferd med å forsvinne.

SJÅ TV-SAK: Hagelaga engasjerer seg for å få dei naturlege blomsterengene attende. (Foto/redigering: Arne Stubhaug)

– Dramatiske følgjer

Atle Mjelde

HUMLEFORSKAR: Atle Mjelde seier følgjene blir store av kraftig reduksjon av bier.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Mjelde har forska på humler sidan 80-talet, og møtte tysdag kveld medlemer i Førde hagelag og Naturvernforbundet. Her fortalde han forsamlinga at det vil få store følgjer for både flora og fauna dersom humlene forsvinn.

– Følgjene kan vere dramatiske. Til dømes at fruktblomstringa uteblir, at bærsettinga i skog og mark uteblir, at eple og hagebær, og utruleg mange andre plantar, får problem. At dyr som lever på plantane blir borte, får følgjer, seier han og konkluderer:

– Den totale fasiten er heilt umogleg å seie, men følgjene blir store.

Birøktar i 30 år

Johannes Nedrebø Andenes

BIRØKTAR: Johannes Nedrebø har vore birøktar i 30 år.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

På Vereide i Gloppen har Johannes Nedrebø drive som birøktar i 30. Det byrja med eit innfall som leia han på kurs og innkjøp av sine to første bikubar. I dag står det åtte bikubar i hagen til den tidlegare mjølkebonden.

Han har meiner følgjene av færre bier kan bli lett synleg. Og då ikkje berre i form av mindre humle- eller biestikk.

HØYR: Johannes Nedrebø Andenes har vore birøktar i 30 år. Han meiner menneske har noko å lære av bielivet.

– Ein har vel kanskje sett at jordbær ikkje ser ut som jordbær. Meir som ein forknytt sak. Det kan tyde på at det har vore dårleg bestøving, seier han.

– Enkle tiltak

For både humler og bier er viktige for spreiing av pollen. Blir det færre av desse insekttypane, vil det gje mindre avling med lågare kvalitet for bøndene.

Også sommarfuglbestanden, og det aller meste av insekta som avheng av plantelivet, kan bli påverka.

Men Mjelde har døme på enkle grep ein kan ta for å få humlene til å trivast betre.

Ellen Bjelke

HAGELAG: Ellen Bjelke er leiar i Førde hagelag.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eit veldig enkelt tiltak er å ikkje hogge ned alle seljene kring om. Dei er livsnaudsynte for at ei humle skal få ein god start. Det er den aller viktigaste vårressursen deira, seier han.

Blomstereng

Eit anna døme, å la det stå att ei blomstereng som insekta kan boltre seg i, er eit tiltak også Ellen Bjelke i Førde hagelag stiller seg sterkt bak.

Ho trur ikkje det er så frykteleg mykje som skal til for at humlene skal få det betre.

– Først og fremst val av plantar slik at du har blomstring gjennom sesongen. Kanskje kan Statens vegvesen velje å ta vare på eine sida under kantslåtten eller veksle på bruk. Og så har du jo dette med humlehotell eller insekthotell, som er meir og meir i vinden, seier ho.