Hopp til innhold

Sat i bil midt i rasmassane på Flo

Anders Nedre-Flo (24) skulle saman med storebror Jan Erik hente kjærasten sin Elize Sæthre (21) for romjulsdagar på Flo. Det heldt på å ende heilt gale.

Vegen til Flo er stengd etter fleire ras

ENORME SKADAR: Midt mellom jordmassane kjempa dei tre personane seg fram mot Flo midt i rasinfernoet.

Foto: NRK

Medan dei tre sat i bilen på veg frå Stryn til Flo, raste stein- og jordmassar ned dei bratte fjellsidene på vegen inn til den vesle bygda, skriv VG Nett.

Totalt kom seks ras på berre nokre minuttars mellomrom, og dei tre var fanga mellom jord- og stein.

Var sikre på å døy

– Vi måtte setje att bilen, og vi sto inne i ein av tunnelane då det eine raset kom. Det buldra og buldra i fjellet, og eg var heilt sikker på at eg skule døy, seier Sæthre til VG Nett.

– Vi stod inni det eine rasoverbygget då det største raset kom rett utanfor rasoverbygget, fortel Anders Nedre-Flo til NRK.no.

– Det var ganske dramatisk. Heile grunnen rørte seg og lufttrykket endra seg. Det stod allereie ein halvmeter vatn i overbygget etter eitt ras som var gått før. Det slo inn i tunnelopninga og stein og søle kom ramlande inn. Det var litt skummelt, seier Anders.

Med berre ei lita hovudlykt var det umogleg å ha noko oversikt over situasjonen.

Dei valde å forlate bilen og fortsetje til fots langs Flostranda. I svarte mørket, berre med lyset frå ei lita hovudlykt, famla dei seg framover. Dei hadde køyrt bilen gjennom det første raset, men så var det uråd å komme vidare.

Det som skulle vere ein koseleg juletur til familien til kjærasten, hadde brått endra karakter til eit mareritt. Brått stod dei med søle og isvatn til langt over knea.

– Heldigvis hadde eg desse to som klarte å halde hovudet kaldt. Det klarte ikkje eg, seier Sæthre.

Ho fortel til VG Nett at ho helst ville bli i tunnelen, men det gjekk ikkje. Dei tre gjekk i stummande mørke innover mot Flo.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vegen til Flo er stengd etter fleire ras

RYDDAR: Mange har vore i sving for å få skikk på vegen inn til Flo.

Foto: NRK

Såg bil med lysa på

– Då raset slutta, gjekk vi mot utgangen for å komme oss til Flo. Men då byrja det å rase att, så vi vart ståande og lytte. Då det vart stilt att, fann vi ut at vi kunne ta sjansen på å gå mot Flo, seier Anders til NRK.no.

Dei gjekk 60-70 meter over raset som hadde gått, før de kom på asfalt att.

– Vi trudde eigentleg vi var på trygg grunn, men etter 250 meter trefte vi på to nye steinras. Eg var ikkje ein gong klar over at det kunne gå steinras her på denne måten, seier Anders. Heime på Flo forstod foreldra til brørne at noko var gale sidan den korte turen tok så altfor lang tid.

Ventetida var lang for foreldra som sat utan teledekning på Flo.

– Vi trefte nokon som hadde høyrt raset og sett ein bil med lysa på. Då vart eg endå meir redd, fortel Mariann Nedre-Flo til VG Nett.

Medan faren køyrde ungdommane i møte med traktor, valde ho å gå til fots. No er ho berre takksam for at alt gjekk bra.