Hopp til innhold

Hege rygga seg i tryggleik i tunnel

Hege Nornes kom køyrande rett inn i raset på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden. Ho sette bilen i revers og rygga i tryggleik i næraste tunnel.

Hege Nornes

GLAD DET GJEKK BRA: – Eg er berre glad det ikkje gjekk verre, seier Hege Nornes.

Foto: Tone Merete Lillesvangstu / NRK

– Eg tenkte berre at her må eg komme meg i tryggleik, seier Nornes.

Samstundes merka ho at ho var innesperra sidan det var gått eit ras på andre sida av tunnelen også.

– Eg kom meg ut for å hjelpe to andre som var i raset, og saman kom vi oss inn i tunnelen, seier Nornes.

Dei ville først ringje etter hjelp, men sidan mobilnettet låg nede, var det ikkje råd å komme gjennom til nokon.

– Vi fjerna eit brannsløkkingsapparat i tunnelen i håp om at det ville få nokon til å slå alarm, seier Nornes.

Vart innesperra

Roar Tofte var saman med Nornes i tunnelen. Han var i grunn på veg for å hente hjelp etter ras nummer ein, då han vart innesperra av eit nytt.

– Eg måtte stoppe for eit ras før det neste kom, seier Roar Tofte.

Han køyrde bak eit vogntog på riksveg 5 mot Skei då byrja det å rase frå fjellsida.

Vegen vart plutseleg stengd av rasmassane, og bilane og vogntoget vart ståande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Køyrde rett inn i ras

SKADER: Bilen til Roar Tofte fekk materielle skader etter å ha blitt treft av raset.

Foto: Roar Tofte

Vart innpakka av raset

Men utan mobildekning var det vanskeleg å få varsla ryddemannskap, og Toft og ein annan bestemte seg for å prøve å ta seg vidare for å kome i kontakt med mannskap som kunne hjelpe dei.

På veg tilbake til rasstaden byrja det igjen å rase, og denne gongen kom massane rett mot bilen til Toft.

– Det kjendest som det gjekk veldig sakte. Vi vart innpakka av rasmasse. Vi kom oss ut vindauget, og la på sprang mot tunnelen.

I ly frå tunnelen var dei sikre for fleire ras, men dei kom seg ingen veg. Dei stod i tunnelen i to timar og venta på at nokon skulle komme å hjelpe dei måndag kveld.

– Det buldra fælt oppe i lia, og vi såg jo ingenting. Det var mykje leven av stein og vatn som rasa medan vi stod og venta, fortel Tofte.

Køyrde rett inn i raset
Foto: Roar Tofte