Hopp til innhold

Halvparten av lærarane må på skulebenken att - stettar ikkje nye krav

Halvparten av lærarane som underviser på barne- og ungdomsskular i fylket må ta vidareutdanning for å halde fram i klasseromma. Det syner ei undersøking Utdanningsforbundet har gjennomført.

Steinar Strømsli ny utdanningsleiar

USAMD: Fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Omtrent halvparten av alle lærarar i Sogn og Fjordane må ta vidareutdanning viss dei skal halde fram med å undervise i dei faga som dei underviser i i dag, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Steinar Strømsli.

Årsaka er eit nytt regelverk, som krev at alle lærar som skal undervise i matte, norsk og engelsk skal ha minst eitt år fordjuping i faget.

– På 60 prosent av skulane må over halvparten av lærarstaben ta vidareutdanning, seier Strømsli.

Har hatt langt og godt samarbeid med høgskulen

Han trur det er mange kommunar elles i landet som har mange lærarar utan den kompetansen.

– Skulane og kommunane i Sogn og Fjordane har hatt eit langt og godt samarbeid med høgskulen når det gjeld etterutdanning lenge før ein tok til med desse nasjonale satsingane, seier Strømsli.

På åtte av 69 skular må alle lærarane ta vidareutdanning. Ved Farnes skule i Årdal må 36 av 40 tilsette på skulebenken att.

Jan Kåre Stedje er skulefaglegansvarleg i Årdal kommune. Han er også rektor ved Tangen skule, der 58 prosent av lærarane må sette seg på andre sida av kateteret igjen.

– Indirekte kan du seie at dei ikkje held mål etter dei nye krava. Men det gjer dei. Dette er formalitetar. Eg som rektor vil aldri i livet gå med på at vi ikkje har dugande lærarar, seier Stedje.

Kristiske til at lang erfaring ikkje kan kompensere

Strømsli og Utdanningsforbundet meiner det er bra å stille krav, men er kritiske til at lang erfaring som lærar i faget ikkje kan kompensere for krava. Dei er spesielt uroa for den store vikarbruken som vil kome i kjølvatnet av regelendringa.

– Det kjem til å gå hardt ut over kvaliteten for elevar i ti år framover. For dei aller yngste vil dei i resten av si grunnskulekarriere vere omgitt av mange vikarar, seier Strømsli.

Ikkje tale om å reversere vedtaket

Kommunane har ti år på seg til å sørgje for at alle lærarane stettar dei nye krava. Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen frå Høgre trur dermed at vikarbruken ikkje vil auke dramatisk.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen

VIL IKKJE SNU: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Fordi vi snakkar om ein lang periode, vil ein på mange skular finne løysingar der lærarane fyller ut vikartimane for kvarandre, utan å ta inn ufaglærte vikarar, seier Isaksen.

Utdanningsforbundet håpar at det er mogleg å gjere om på regelverket, som vart godkjent på Stortinget i august. Men der er isaksen klar.

– Nei, det er ikkje aktuelt, seier Isaksen.