Hopp til innhold

Grytten søkjer seg vekk

Rådmann Bent Arild Grytten søkjer seg nok ein gang vekk frå Lærdal kommune.

Bent Arild Grytten
Foto: Håvard Holme / NRK

Grytten er ein av ti søkjarar til stillinga som rådmann i Hareid kommune.

Dei siste vekene har det vort sterk konflikt mellom Grytten og ordførar Arne Sanden (Ap), og Sanden skal ha bede rådmannen om å seie opp stillinga si.

Grytten har tidegare søkt på stillinga som hamnesjef i Bergen.